Viser 1 til 2 av 2 omtaler

Drivende fishy. Fluenappende. Hvis man ikke leser noe særlig men liker å fiske: Det må bli denne + "Farlig fiske" av norsketta Carl Hiaasen.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ein dag får fiskeriforskar Alfred Jones ei henvending frå eigedomsmeklar Harriet Chetwode-Talbot. Ein sjeik i Jemen vil introdusera laks og laksefiske i dei turre elveleia i ørkenen, og treng hjelpi til Statleg senter for fiskeriforsking i Storbritannia. Alfred avviser ideen som absurd, men politikarar høgt i systemet vil ha positive nyhende frå Midt-Austen, og dermed er prosjektet i gang.

Laksefiske i Jemen er både humoristisk og alvorleg. Plotet er like absurd som det verkar i denne korte skildringa, men nett som Alfred vert fanga av sjeiken si overbevising, vert lesaren dregen inn i handlinga, og ein vert nyfiken på om Harriet, Alfred og sjeiken kan lukkast. Harriet sitt forhold til den sakna soldaten Robert, Alfred si kone Mary og statsministeren sin pressesekretær Peter Maxwell er elles personar som er med på å setja fokus på meir problematiske tilhøve både i britisk kvardag og storpolitikk: karrierejag, veljarjakting, ein imperialistisk tankegang og manipulering av både informasjon og media.

Historien om laksen i Jemen vert fortalt gjennom varierte teknikkar, men aldri direkte. Her finn ein brev og e-postar, dagboknotat, memoarar, intervju, avhøyr og presseoppslag. Dette gjer at ein les historia frå mange ulike kantar. Torday kunne kanskje ha gjort dette enno meir utprega, men har ikkje lagt frå seg det personlege preget i mange av forteljingane, sjølv der det ikkje passar seg (t.d. i avhøyr). Likevel er det lett for lesaren å ignorera stilbrota i jakta på svara: korleis går det med Harriet og Alfred? Kvifor avhøyr og kommisjonar? Og kjem laksen til å symja oppover Wadi Aleyn?

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Anniken LSynnøve H HoelSiriStig TLars Johann MiljeHildaDaffy EnglundmgeMarit HåverstadRune U. FurbergMarianne MAkima MontgomeryChristofer GabrielsenTanteMamiePiippokattaAstrid Terese Bjorland SkjeggerudJBIrakkLilleviKjell PMarit HøvdeFriskusenAnne-Stine Ruud HusevågYvonne JohannesenBjørg RistvedtHarald KBjørg Marit TinholtRufsetufsaReidun Anette AugustinHanneTatiana WesserlingmarithcTine SundalEllen E. MartolJohn LarsenTorill RevheimBirkaKirsten LundSol SkipnesBjørg L.