Viser 1 til 2 av 2 omtaler

Sikkert en artig bok, men krever at man kan sette seg ned og lese litt mer enn tre sider sammenhengende for å henge med på handlingen.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det glade vanvidd i Moldova..

I landsbyen Larga i Moldova har dei, alle som ein ser det ut til, eit ønske: Å utvandre kollektivt til Italia, landet som er målet for alle deira draumar og fantasiar, landet som er Paradis; som har alt dei saknar: God jobb, god økonomi, vakre byar og menneske, vakker natur...ALT!
Det er berre det at landet som flyt av "melk og honning" ikkje er så lett å nå - dei manglar reisepengar, og ikkje minst: Innreisetillatelse. Det dei manglar av materielle gode og velferd, tek dei igjen i kreativitet. Og for å nå målet viser både innbyggjarane og forfattaren Lortsjenkov fantasi - og meir eller mindre gode idear - som overgår det meste.....

Visste du til dømes at ein traktor kan brukast til svært mykje meir enn pløying og brøyting? Eller visste du at prestar også i dag kan organisere korstog med fleire titusen i løpet av ein dag eller to? Og - at norsk språk også fekk uante konsekvensar, overraska iallfall meg!

Personane vi møter er mange - av og til er det ikkje heilt lett å halde styr på kven som er kven. Men, dei to kompisane Serafim og Vasile står for ein god del av meir eller mindre mislukka planar for å gjere alvor av draumen om Italia!
Ovnsbyggaren Eremei derimot meiner at Italia er det reine oppspinn:

Til kategorien oppspinn anførte Eremei, uten videre filosofering, fenomener som etter hans mening var overnaturlige: Gjenferd, ærlige distriktsagronomer,det moldovske landslagets seier under De olympiske leker i Kina i 2008 og .......Italia.

Og - vi møter presidenten og andre medlemmer av den moldovske regjeringa, vi møter kvinner som på ulike måtar grip inn i handlinga, - vi møter presten fader Paisij som fører an - ikkje berre i sitt lurvete Gudshus.....og mange, mange fleire.

Reisa mot vest, mot Italia er både absurd, vanvittig og tragikomisk. Det verkar som forfattaren har gitt fantasien fritt spelerom. Men, trass i at eg til tider lurte på "kven er kven", og at handlinga til tider er meir vill enn truverdig, så likte eg det meste av det eg las. Forfattaren er ung (f 1980), og han vil nok bidra meir til litteraturen framover.På vaskesetelen bake på boka står det han er:
" en svært talentfull bedrager som beskriver et fargerikt, men sinnssvakt liv i et uopplyst, post-sovjetisk hjørne av verden".
Det fantasifulle innhaldet, men ikkje fritt for alvorlig og kritisk undertone , og litt underlige tekstar med språklege overraskingar gjer at eg landar på fire pluss

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Tone NorenbergReadninggirl30Trude JensenIngeborg GAnne-Stine Ruud HusevågVigdis VoldAliceInsaneBjørg  FrøysaaEgil StangelandKjetilTine SundalsveinLisbeth Marie UvaagMorten MüllerVannflaskeBenedikteKarin  JensenAnn ChristinbandiniAnneWangEli HagelundSol SkipnesgretemorStine SevilhaugHeidi LIngunn SPer LundStig TAnitaIreneleserHarald KTone SundlandHilde H HelsethIngvild RosslundHanne Kvernmo RyeJulie StensethBeathe SolbergKirsten LundChristoffer SmedaasRandi