Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Som i Jungelboken er dette ei samling forteljingar der ca halvparten er om Mowgli, og der ei av dei andre forteljingane er lagt til eit arktisk miljø.

Forteljingane om Mowgli er endå eit hakk kvassare i denne boka enn i den førre. Sinnelaget til guten svingar mellom glede og melankoli, godheit og drapslyst. Historia om korleis han hevna seg på landsbyen som forviste han, og med hjelp av jungeldyra utraderte den fullstendig, DEN skulle eg ha lyst å sjå korleis Disney skulle få til å passe inn i sin versjon.

Av dei andre historiene likte eg best Begravelsesfolk, der ei krokodille, ein sjakal og ein stork filosoferer over livet som åtsel-etarar, og krokodilla fortel om glade dagar under krigshendingar i landet. Passe morbid humor, eg gliste godt mange stadar medan eg las den.

Eg meiner denne boka i det heile er litt betre enn den første, og let terningkastet reflektere det.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Sigrid NygaardHarald KTralteCamillaKirsten LundÅsmund ÅdnøyBerit B LieSolveigTerje MathisenLinda NyrudGitte FurusethEgil StangelandMorten BolstadTor Arne DahlTorill RevheimRufsetufsaØystein Espeseth-AndresenHilde Merete GjessingKarin  JensenCecilie69Sissel HaugenLillevikriraSynnøve H HoelLailaHilde MjelvaEivind  VaksvikInger-LisemarithcIreneleserTonjeIna Elisabeth Bøgh VigreLisbeth Kingsrud KvistenPiippokattaKikkan HaugenTone SundlandAstrid Terese Bjorland SkjeggerudReadninggirl30ElisabethaVanja Solemdal