Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Merkverdig bok.........

Dette er ein av dei mest uvanlege leseopplevingane eg har hatt på lenge. Eg måtte verkeleg konsentrere meg i deler av boka, og likevel veit eg ikkje om eg forstod alt. Eg opplevde den som både fornøyelig og irriterande......

Norsklæraren Aristoteles Kalk får avskjed på grått papir etter ein valdsepisode på skulen, noko som får fatale følgjer, og han må skape seg eit heilt nytt tilvere. Ekteskapet raknar, han får jobb på ein aude, nedlagd sildoljefabrikk - og har planar om å få tid til å fullføre ein uferdig roman. Men, - mystiske personar, og mystiske hendingar fører til mange lange reiser og uventa krumspring , litt for mange til at det kunne vere truverdig, men det var kanskje ikkje meininga?
Parallellt fylgjer vi ein EG-person som eg må tilstå eg ikkje heilt forstod kven var, som også vart vikla inn i meir eller mindre vanvittige hendingar....

Pluss:- mange gode og ikkje minst uvanlege språklege bilete og skildringar, spesielt likte eg godt miljøskildringane frå Cuba - og trur også eg kunne kjenne att litt miljøet frå Egersund (har ein link til desse stadene). For meg var det desse som gjorde at eg ikkje avbraut.

Minus: - Det som drog ned for meg var også skildringar, litt for mange overdrivne, "eplekjekke" skildringar av folk og stader + situasjonar. Ordbruken vart for meg vulgær i ein del tilfelle, litt for mange, faktisk. Eg tok meg i å tenke at korrekturlesaren gjerne kunne ha gjort ein betre jobb! Begynte også å ergre meg over mange! skildringar med som:
- Den metalliske røysta hennar frå telefonrøyret gjentok seg som eit kontinuerlig ekko......
- Litlefyren blinka regelmessig som ein einauga kyklop ...........
- Bygningane kom snart til å ramla saman som ein kortstokk av bølgjeblekk..... osv osv

Om det er forfattaren, eller Kalk som totalt mislikar slips og slipsknutar, advokatar og kvite dukar veit eg ikkje, men dei får iallfall sentral plass i boka, i tillegg til mange sosiale og politiske sleivspark til det etablerte samfunnet...
Karakter er eg svært usikker på, tre pluss, kanskje?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Anniken RøilTralteKaren RamsvikToveRisRosOgKlagingKjell F TislevollNora FjelliHarald KSynnøve H HoelLeseberta_23Ellen E. MartolEivind  VaksvikRune U. FurbergMarteJarmo LarsenRonnyLailaKirsten LundReadninggirl30Marit HøvdeVannflaskeMonica CarlsenEster SPiippokattaDemeterTor-Arne JensenKarin  JensenAstrid Terese Bjorland SkjeggerudPer LundVibekeKristineBjørg Marit TinholtTine VictoriaInger-LiseSolingar hSiv ÅrdalLibris50NorahTone Sundland