Ok krim, blir å lese mer i denne serien.
Anne Holt veit korleis ho skal skildre grufulle handlingar, det er nesten som eg bevitner det som hendar. Ho veljar å hoppe rett på sak, boka har difor ein veldig bra start som er morosam og spennande. Det er svært tydeleg at forfattaran veit kva ho skriv om, ditte er henta rett ifrå personleg erfaring. Ho skriv lite om mykje, og det på ein god måte.
Men boka byrja å "dræge" litt når man er litt ovar halveis, eg gir Holt ein 6/6 i hennes kjennskapar om jus og SVÆRT REALITISK politiarbeid innanfor staten, men litt for mykje av det går utovar spenninga. Litt nostalgi sniker seg inn i lesinga og med tanke på den eldre kommunikasjonen man fekk i å bruke ein politikiosk i dei "eldre" dagane.
Her er ellers ein romanse eg hadde særdeles sans for som definitivt er ein god grunn til å lese meir av dinne bokserien.
Det er lett å forstå at denne boka blei reikna som ein sterk debut då den kom i 1993. Den sterkaste delen av boka er nok den truverdige skildringa av politiarbeidet i hovudstaden. Det skulle ellers berre mangle, sidan Holt har arbeidserfaring frå Oslo politikammer. Personkarakteristikkane i boka er også på eit jevnt godt nivå. Ei søt lita kjærleikshistorie som ein del av handlinga gir ekstra sjarme til boka.
Sjølve plottet er nok kanskje ikkje av dei aller sterkaste. Det er på ingen måte dårleg, men heller ikkje mer enn alminneleg bra. Med unntak av eit lite tilbakeblikk i tid undervegs i det første kapitlet er forteljinga strengt kronologisk, og kapitla er inndelt etter dei enkelte datoane i historia. Forteljinga gjeng over fleire månadar, Holt har etter mitt syn ei langt meir realistisk framstilling av kor lang tid ei etterforskning tek enn t.d. Kepler i sine bøker.
Noko av det morosame med å lese 20 år gamle bøker er at ein må ta innover seg at det har vært visse teknologiske framsteg undervegs. Det er til dømes no litt vittig å lese om dei moderne mobiltelefonane på den tida, og enno betre, prøve å hugse på korles det var å nytte ein telefonkiosk. Mellom anna. Men mest av alt var boka underhaldande og spanande.