Viser 1 til 5 av 5 omtaler

Kjærleiken fergereiser. Edvard Hoem.

Denne boka la eg frå meg då eg var så ung mann at eg knapt kunneomtalast som mann. Unge menn på 80-tallet likte å være ungdom lengst muleg.
No som eg er ein litt meir tilårskomen fyr, tok eg den oppatt, forstår meir - også kvifor den unge skrivaren i 1974 vart nominert til nordisk råds for denne boka.
Det er velkjent Hoemsk stilføring det her. Stilig ført om klassiske problemtema om unge som skal finne seg til rette, med kjærlegheit til seg sjøl og andre, i eit samfunn i stadig endring, samtidig som dei skal leve etter moral og verdensforståelsen til dei eldre, som også kavar med sitt for å forstå og akseptere endringar lokalsamfunnet blir påført av dei av sentral styresmaktene. Artig at skrivaren endå meir enn kva han gjer i dagens bøker; at han som skrivar kommenterer karakterer og hendinga i boka. Her er han tettare på dei, ved at han feks skriv seg sjøl inn som at at skrivaren satt på den fiktive staden og observerte karakterene sine.
Ei bok som kunne vore skiven i dag, med tanke på kva som skjer nord for Sinsenkrysset, med påtvungne kommunesamanslåingar, administasjonar og servicefunksjonar med distanse til folk flest.

Godt sagt! (7) Varsle Svar
Godt sagt! (1) Varsle Svar

Boka handlar om eit knippe menneske i eit oppdikta, men høgst truverdig, lokalsamfunn på Romsdalskysten. Ei gravid ungjente som tenkjer på abort, mora hennar som slit med nervane, den pensjonerte poståpnaren som prøver å halde det nedlagte postkontoret i stand, sånn i tilfelle, og eit ektepar der mannen er alkoholisert og kona ynskjer å flytte ut for å realisere seg sjølv er nokre av hovudpersonane.

Ein følger livet til desse personane over nokre få dagar. Det er forholdsvis traurige dilemma dei hanskast med undervegs, og traurigheita blir understreka av det ugjestmilde haustveret som blir skildra i boka. Det er i det heile lite hovudpersonane i boka har å glede seg over undervegs.

Det som bergar boka frå å bli ei traurig oppleving også for lesaren er, ved siden av gode skildringar av relasjonar mellom menneske, den originale forteljarteknikken, der forfattaren, eller «han som skriv» som han omtalar seg, gjer greie for samspelet mellom seg sjølv og forteljinga. Dette var eit originalt grep eg ikkje har vært borte i før, og som eg fann svært tiltalande.

Denne boka høyrde eg som lydbok, der forfattaren sjølv les. Det er på ein måte stas å høyre forteljinga med forfattaren si eiga stemme, men eg har kjensla av at ein annan opplesar kunne ha løfta lese(høyre-)opplevinga eit lite hakk. Sidan dette berre er den andre lydboka eg høyrer har eg ikkje grunnlag til å uttale meg med særleg tyngde om Hoem sine prestasjonar som opplesar, men eg tykte det blei i overkant monotont og flatt, og innimellom kom det ei og anna setning som det blei vanskeleg å få tak i. Men dette kan nok like gjerne vere eit utslag av min manglande erfaring som lydbok-lyttar.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Fortellerteknikken var en sensasjon da den kom...

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Vi befinner oss i bygda Ramvik, et sted på nordvestlandet, en gang på 70-tallet og får innblikk i livet rundt rutebilkafeen ved fergeleiet. Marianne Kretsen har forlatt foredreheimen, og er gravid med eks-kjæresten Hans. Det er ikke noe fremtid i Hans, hvis liv mangler fullstendig retning. Hun er fortvilet og ønsker å få tatt abort. Men dette er før fri abort ble en menneskerett i Norge, og spørsmålet er hvordan det skal gå med Marianne.

Foreldrene til Marianne strir med ekteskapet sitt. Moren Annemaria har nerveproblemer, og faren Oliver har lenge gått på tå hev for ikke å utløse nye episoder av sykdommen. Nerveproblemer er tabubelagt, og noe man ikke snakker om. Problemet er at hans iver etter å skåne kona gjør at hennes frustrasjon over et ulevd liv stiger faretruende.

Kommunen er truet av moderniseringsspøkelset, og det forhold at kommunestyret holder kortene tett inntil brystet, skaper mye utrygghet i bygda. Rutebilkafeen er et samlingspunkt, og her møter vi bl.a. Mette, som jobber der. Livet er på mange måter styrt av fergetidene.

Dette er en roman om hverdagsproblemene til vanlige folk i en gjennomsnittsbygd i distrikts-Norge. Et sted hvor det er trangt, hvor det ikke er enkelt å skille seg ut. Samtidig beskrives omsorgen mellom menneskene på en rørende måte. Mennesker som tror at de klarer å holde problemene sine for seg selv, men hvor alle vet det meste om alle likevel ...

Dette er nok en rørende og flott bok skrevet av Edvard Hoem. Det jeg er mest imponert over er at Hoem skrev denne boka mens han var i begynnelsen av 20-årene. Boka anbefales på det varmeste!

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Sist sett

TheaTorill RevheimEivind  VaksvikBjørg Marit TinholtLailaPiippokattaNina M. Haugan FinnsonLilleviStine SevilhaugAnniken RøilRoger MartinsenKirsten LundTine VictoriaAnn EkerhovdNinaRisRosOgKlagingNorahTove Obrestad Wøieningar hReadninggirl30Jørgen NBokToreTor-Arne JensenPirelliLise MuntheMarenLeseaaseRavnG LMarit HåverstadKjell F TislevollIngeborgMorten BolstadChristinaGrete AastorpThomas KihlmanAliceInsaneVibekemgeBerit R