I denne vesle boka prøver Dante Alighieri seg som språkhistorikar, språkplanleggar/dialektmobbar og litteraturkritikar. Som dei to førstnemnde er han interessant, dog ikkje så fagleg sterk. Mobbinga av Italienske dialekter er til tider særs underhaldande, jamvel om omsetjinga av dialektuttrykk til austlandsk flatbygdmål kanskje ikkje er så språkfagleg presis. Som litteraturkritikar er han sjukt døll.
Innleiinga av omsetjaren er på herleg radikalt bokmål. Dei som misliker slikt kan hoppe rett over til hovudteksta.