Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Fantastisk fortelling og meta-fortelling i teikneserieform. Effektiv og sjarmerande strek. Eg klarer ikkje å vera heilt ueinig med logikaren Christos, som i rammefortellinga fortel at han saknar ei nærmare forklaring av ideane til dei teikneserien handlar om, men forfattarane føregrip på briljant vis kritikken min: Forfattaren forklarer at dette ikkje er ein teikneserie om logikk, men om logikarar.

Eg må definitivt læra meg meir om logikk, filosofihistorie og særleg Bertrand Russell etter dette. Slik sett har vel kanskje Logicomix oppnådd alle måla sine: Engasjert meg i det historiske dramaet, og vekka nysgjerrigheita mi for ideane som ligg til grunn. Ein stor fortellarkunstnarisk prestasjon, utan tvil!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

NerakntschjrldAnne Berit GrønbechMarit HøvdePiippokattaTurid KjendlieVioleta JakobsenHarald KsomniferumStig TKirsten LundRune U. FurbergChristofer GabrielsenTheaJan Arne NygaardIngunn STor-Arne JensenTine VictoriaMarianne_Hanne Kvernmo RyeVannflaskeGodemineSigrid Blytt TøsdalAnita NessIngvild SBeathe SolbergritaolineBookiacJakob SæthreSol SkipnesBente NogvaReadninggirl30mgeAstrid Terese Bjorland SkjeggerudLinda NyrudWenche VargasKatrinGVibekeAvaCarine Olsrød