Dette er ei av dei finaste diktsamlingane frå nyare tid eg har lese. Det handlar om dei kjære: ektefellen, ungane, vennene, foreldra, søskena, Gud. Ei diktsamling om og i kjærleik, vil eg seie. Fleire av dikta kan eg kjenne meg igjen i, og samstundes humre av.