Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Grenselaus kjærleik

Dette er den elleville historia om Bella, veslesøster Lille K, ein svært egoistisk far og ei usikker, nevrotisk mor. Dei bur i ein herskapeleg villa saman med fleire andre slektningar.

Bella er glad i far sin, svært, svært glad i han. Det er berre det at far er meir oppteken av hunden sin, Farah Dibah, ein stygg og sjølvsentrert hund som ikkje akkurat er eit positivt kosedyr for andre enn far, då. Bella skjønar snart at om far skal sjå henne og vere glad i henne, må ho sjølv vere som ein hund.
Det meste som skjer i familien er heilt absurd, noko meir dysfunksjonelt skal ein leite lenge etter.

Forfattar Lisbet Hiide var heilt ukjend for meg, og eg synest at ho har fått ein svært så stor dose humor inn i denne tragiske familiehistoria. Innhaldet er lettlese, til tider måtte eg berre humre og le, medan eg andre gonger syntest at det gjekk (langt) over streken. Det vart FOR sprøtt! Derfor landa terningen til slutt på 3, sjølv om det kanskje er litt strengt.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Harald KKirsten LundIngunn SKjell F TislevollJørgen NLilleviHilde H HelsethcupcakeMads Leonard HolvikSigrid NygaardVegardTone HGrete AastorpLinda NyrudKjerstiHarald AndersenJohn GulfjelletKetilStig TPiippokattaTor Arne DahlLailaSigrid Blytt TøsdalAgathe MolvikReadninggirl30alpakkaRisRosOgKlagingTheaTorill RevheimEivind  VaksvikBjørg Marit TinholtNina M. Haugan FinnsonStine SevilhaugAnniken RøilRoger MartinsenTine VictoriaAnn EkerhovdNinaNorahTove Obrestad Wøien