Viser 1 til 6 av 6 omtaler

Clare møter Henry første gong då ho er seks år. Då er Henry 36. Men Henry møter Clare første gong først då ho er 20. Då er han 28. Forvirra? Henry reiser i tida, og det gjer dette til ein av dei mest spennande og fascinerande kjærleikshistoriene eg har lese. Det er ikkje mange bøker eg føler at eg har lyst til å eige, men denne har eg kjøpt.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Jeg anbefaler ikke å denne boken. Det er som å lese en dagbok. Langtekkelig med godbiter innimellom. Jeg trengte flere pauser for å komme frem til slutten. Derimot syns jeg filmen er veldig god. Den er betydelig nedkortet og har bare med godbitene og de nødvendige detaljene for å binde historien sammen. Den kan være litt vanskelig å følge med, fordi den hopper frem og tilbake i tid, men det gjør den bare enda mer spennede. liker å se filmer, der man må tenke litt.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ikke ferdig enda. Historien er veldig interesang, men mye av sidene er fylt in med visvas og ingenting...

Godt sagt! (1) Varsle Svar
Denne teksten røper noe fra handlingen i en bok. Klikk for å vise teksten.
Godt sagt! (0) Varsle Svar

Clare møter Henry når ho er seks og han er i tredveåri. På ein eng ved huset hennar sit ein naken mann, ein mann som dukka opp frå ingenting, og forsvinn til ingenting. Medan ho veks opp kjem han attende med ujamne mellomrom. I hennar framtid skal dei gifta seg, i hans notid er dei mann og kone.

The Time Traveler’s Wife handlar om Henry, som ufrivillig reiser i tid, og Clare, som veks opp med han, forelskar seg i han, og giftar seg med han – alt medan han forlet ho og kjem att, gong på gong. Utgangspunktet er godt, og det er ein del ting som funkar i denne romanen. Den er fortalt vekselvis frå Henry og Clare sitt synspunkt (dermed er tittelen litt misvisande). Det funkar særleg godt i lydbokformat, då dette bryt opp narrativet (og eg “les” som kjent nesten berre lydbøker for tidi). Den held orden på kronologien ved alderen til hovudpersonane, noko som er eit godt hjelpande grep. Den er rørande og sjarmerande og til tider både morosam og svært dramatisk.

Det er diverre vel so mykje som ikkje funkar. Det sjarmerande rørande tippar ofte over i det usjarmerande sentimentale. Ikkje alle vala til Clare og Henry er like velfunderte, som truverdige personar er dei noko “eigne”, for å sei det mildt. Det romantiske tippar over til bittelitt creepy, og eit spanande utgangspunkt vert for spesielt retta mot akkurat desse personane sine problem. Skal ikkje romanar sei noko om det generelle, gjennom det spesielle? Niffenegger traff ikkje heilt der.

Men det funkar altså, til dels, og romanen vart ein internasjonal suksess då den kom ut.

Fyrst publisert her

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Jeg er litt forvirret, men fornøyd. Jeg sliter av og til litt med å orientere meg i en tekst som hopper fra en tid til en annen, men jeg synes forfatteren klarer seg godt. Det blir også enklere relativt raskt. Jeg kan ikke si annet enn at denne boka- den likte jeg!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Annonsér hos bokelskere.no


Sist sett

may britt FagertveitReadninggirl20moiraBeathe SolbergAkima MontgomeryStian DalbergOleEmilie GeistKristinBenedikteOle Jacob OddenesVigdis VoldMarianne KesselAnita NessEirin Eftevandingar hDun AenghusRandiBoktimmyLibraritas vHildFlettietteFragmenterErikAtmanTor Arne DahlHildaThina NordtveitMarte OnarheimEmilieskTuridTone HNorahEli HagelundTorill Elisabeth RevheimJenny Dahl BakkenDolly Duckkjell kHarald AndersenLillevi