Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Boka burde heller heite «Essay om Tundals visjon», for sjølve visjonen utgjer berre ca 40% av boka. Slik er sideinndelinga:

Innleiande essay: 41 sider
Tundals visjon: 66 sider
Oversetjaren sitt etterord: 55 sider
og i tillegg er der nokre sider med notar, litteraturliste etc.

Helidigvis var dei to essaya også ganske interessante. Medan eg las det innleiande essayet var eg litt uroleg for at det tematisk skulle overlappe for mykje med etterordet. Men det var ingen grunn til å uroe seg, dei utfylte kvarandre veldig fint.

Så til sjølve visjonen. Tundal var ein rik men lastefull irsk mann, som i 1149 fekk eit illebefinnende og fall i uvit medan han var ute for å krevje inn pengar etter ein hestehandel. Han var skinndaud i tre døgn, i denne tida var sjela løyst frå kroppen og fekk ei omvising, med litt «prøvesmaking», i helvete og himmelen. Det var ganske eksplisitt valdspornografi i helvetes-turen, og umåteleg flott i dei ulike nivåa av himmelriket. Opplevinga hadde sjølvsagt sterk virkning på Tundal, som blei ein from mann etterpå, og det var nok meininga at lesarane av visjonen også skulle bli fromme.

Tundals visjon har truleg vært ei av inspirasjonskjeldene til Dante sin Guddommelege komedie. Det eg ikkje visste, er at der er ein heil skog av nedteikna visjonar om helvete og/eller himmel frå denne tida, så mange at det nesten er å reikne som ein eigen litterær genre. Men sjølv om det var moro å få vere med på denne turen, så trur eg ikkje eg kjem til å utforske genra i særleg monn. Dante med tid og stunder, så tenkjer eg det greier seg.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Sist sett

Ingrid HilmerIngvild SLise MuntheTonesen81Hilde Merete GjessingBjørg  FrøysaaHelge-Mikal HartvedtKirsten LundHarald KRune U. FurbergLilleviIngunn SBjørn SturødCarine OlsrødTralteHanne Kvernmo RyeOleBeathe SolbergAlice NordliLene AndresenAmanda AJulie StensethSynnøve H HoelMarit AamdalMartinAkima MontgomeryMarit HåverstadAvamgeBertyKaramasov11Aud- HelenLinda NyrudChristoffer SmedaasGrete AastorpMarianne MIngeborg GPiippokattaTherese HolmSigrid Nygaard