Viser 1 til 2 av 2 omtaler

Tre ganger tre EPISK!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Middlemarch er ein fiktiv by i England, og i boka følger ein historia til eit knippe menneske med tilknytning til denne byen, for det meste av overklasse og øvre middelklasse, i tida rundt 1830. Hovudpersonane er kanskje Dorothea Brooke, ei vakker ung dame av god familie, den tilflytta lækjaren Tertius Lydgate som kjem med nye tankar om medisin og behandling av sjukdomar, og kunstnarspiren og etter kvart skribenten Will Ladislaw. Alle desse tre er godhjarta personar som med ulikt hell ynskjer å leve etter høge ideal. Når eg skriv at dei «kanskje» er hovudpersonar så er det fordi der også er eit stort antal av andre personar som får god plass i boka.

Det som slo meg under lesinga er at Eliot (som egentlig heiter Mary Ann Evans) virkar å vere ei lynande intelligent dame med omfattande kunnskapar om medisin og vitskap og med stor innsikt i menneskenaturen. Trass i at boka kom ut i 1872 er stilen overraskande frisk og moderne. Noko av dette kan kanskje tilleggast oversetjaren, men på langt nær alt. Eg vil trekke fram biletbruken, som for det aller meste er original og av og til også overraskande. Romanfigurane er også mangefasetterte, ein blir kjend med både sympatiske og mindre sympatiske trekk hjå dei fleste av dei.

Sjølve handlinga i boka gjeng framover i sakte tempo. Det meste av teksta gjeng på rollefigurane sine tankar og kjensler, forfattaren sine betraktningar og kommentarar, samt ein del dialog. Her kunne eg ha ynskt ei litt anna vinkling i forteljinga. Det skjer mykje spennende rundt personane; samfunnet er i endring, der er medisinske og vitskaplege nyvinningar, jernbana gjer sitt inntog (pun intended), men alt dette er berre fjerne, nærmast uviktige, kulissar heller enn element som driv historia framover. Eg skulle også ha ynskt meir kjennskap til dei arbeidende klassene i samfunnet som Eliot skildrar. Ein får rett nok enkelte glimt, men det aller meste av handlinga er avgrensa til eit overklassemiljø.

Eg las denne boka som felleslesing i Kjell k sin lesesirkel på bokelskere.no, der dette var første boka. Det er inspirerende å lese i fellesskap på denne måten, og spesielt når ein tek fatt på bøker som er så krevende at dei ligg hakket utanfor komfortsona.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Sist sett

Alice NordliStig THarald KNerakntschjrldAnne Berit GrønbechMarit HøvdePiippokattaTurid KjendlieVioleta JakobsensomniferumKirsten LundRune U. FurbergChristofer GabrielsenTheaJan Arne NygaardIngunn STor-Arne JensenTine VictoriaMarianne_Hanne Kvernmo RyeVannflaskeGodemineSigrid Blytt TøsdalAnita NessIngvild SBeathe SolbergritaolineBookiacJakob SæthreSol SkipnesBente NogvaReadninggirl30mgeAstrid Terese Bjorland SkjeggerudLinda NyrudWenche VargasKatrinGVibekeAva