Viser 1 til 2 av 2 omtaler

Band to i denne tre-bindsutgåva er kanskje det som spriker mest i stil og tempo. Yngstebror Karamasov, Aleksej (Aljosja) gjeng i lære i eit kloster, og har eit nært forhold til den åndelege leiaren starets Sosima. Mykje av den første halvdelen av dette bandet dreier seg om desse to.

Knapt halvvegs i bandet er det temposkifte. Playboy-karamasoven Mitja er på jakt etter pengar, han planlegg nemleg å stikke av med den vakre Grusjenka før faren Fjodor rekk å gifte seg med henne. Midt i denne frenetiske jakta på pengar blir faren funnen ihjelslått i hagen sin, og alle bevis peiker mot Mitja.

Dermed blir det lagt på enno ein dimensjon i denne forteljinga. I tilleg til å vere eit familiedrama, ei kjærleikshistorie, ein diskusjon om livssyn og eit portrett av ein russisk småby på 1800-talet er den no også ein fullblods kriminalroman.

Eg trur det var dette temposkiftet, og det nye laget i forteljinga, som gjorde at eg likte dette bandet best av dei tre. Eg las den for øvrig saman med gretemor sin lesesirkel, og eg er viss på at det er bryet verdt for nye lesarar å sjekke lesesirkelen sin diskusjonstråd om boka.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Måtte låne del 1 på et annet bibliotek. Hvor vårt eget ex er blitt av er ikke godt å vite. Rakk ikke forfatteren å skrive hvordan historien ender med Aljosja og hans brødre?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Astrid Terese Bjorland SkjeggerudBeathe SolbergTine SundalNorahSigrid NygaardHildTurid KjendliealpakkaReadninggirl30ingar hRoger MartinsenPerSpelemannTone HIngeborg GAnniken RøilTonje-Elisabeth StørkersenKaren RamsvikHarald KAnne-Stine Ruud HusevågMarius Park PedersenJakob SæthreGrete AastorpReidun SvenslisiljehusmorTanteMamieBård StøreEivind  VaksvikVanja SolemdalKirsten LundMads Leonard HolvikMona AarebrotDemeterINA TORNESTerje MathisenWencheAnne Berit GrønbechNikkaLailaCathrine PedersenCarine Olsrød