Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Denne boka er ein gjengangar i toppsjiktet når nokon tek på seg å kåre verdens beste bøker gjennom tidene eller liknande. Resultata av slike kåringar vil naturlegvis avhenge av kva for kriterier som ligg til grunn, og i tillegg vil kårarane sine personlege preferanser spele inn. Men det som er heilt sikkert, er at denne boka inneheld mange lag, sveipar innom mange tema, har ei kompleks handling, og loddar ganske djupt i menneskesinnet. Derfor vil mange kresne lesarar finne det tilfredsstiljande å dykke ned i denne boka.

I band 1 i denne 3-bindsutgåva blir lesaren kjend med Fjodor Karamasov, ein stribukk av ein godseigar som er meir opptatt av pengar enn av å ta vare på familia si, og dei tre sønene hans Dmitrij (Mitja), Ivan og Aleksej (Aljosja) frå to ulike ekteskap. Dmitrij, den eldste, eig berre eit par bukser, og det er spanderbuksene. Han liker å vere levemann, og har ein tendens til å setje seg i pengeknipe. Han er forlova med den vakre og rike Katerina, men har forelska seg i kurtisana Grusjenka. Når far Fjodor også er forelska i den same Grusjenka ligg det an til å bli trøbbel. Og det blir det.

Religion, livssyn og etikk er tema som gjennomsyrer boka, og boka sin mest kjende passasje i så måte er å finne i band 1, nemleg kapittelet om storinkvisitoren. I det ytre er dette ei historie som Ivan har tenkt ut og fortel til Aljosja, men her er det nok forfattaren sin eigen indre RLE-dialog som kjem til syne.

Det er ikkje til å unngå at deler av boka kjennset framand, både fordi miljøet er framandt og fordi det ikkje alltid er lett å forstå kvifor personane i boka reagerer slik dei gjer. Til ein viss grad kan ein seie at boka er krevjande å lese, og dersom ein tek mål av seg til å forstå kva forfattaren vil formidle til einkvar tid så trengs det nok ein solid innsats. Sjølv las eg den utan alt for store ambisjonar om å få med alle nyansar, men eg las den i gretemor sin lesesirkel, og diskusjonstråden om boka vil nok vere til stor hjelp for framtidige lesarar som ynskjer å trenge inn i dette verket.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Anniken LTorPiippokattaHarald KKirsten LundLene AndresenHeleneErlend Rødal VikhagenRisRosOgKlagingWilliam BillisonMonaBLBeate KristinBente NogvaEivind  VaksvikTone HDemeterTrude OmaToveDolly DuckAvaRandiAElisabeth SveeJoannHilde H HelsethStine SevilhaugKathinka HoldenTove Obrestad WøienJarmo LarsenAstrid Terese Bjorland SkjeggerudInger-LiseIngunn ØvrebøHilde Merete GjessingritaolineElin FjellheimRufsetufsaTonesen81Synnøve H HoelMarteSverreReadninggirl30