Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Dette er første av to band i ein familiesaga frå Salinas-dalen i California. Ein følgjer familiene Hamilton og Trask frå tida rundt den amerikanske borgarkrigen og fram til etter århundreskiftet. Samuel Hamilton vandra ut frå Nord-Irland til California, og sidan den beste jorda i Salinas-dalen alt var tatt slo han seg ned på eit mindre fruktbart jordstykke oppe i åssidene. Adam Trask kom frå ein gard i Connecticut på austkysten, og etter å ha arva eit større pengebeløp reiser han til Salinas-dalen og kjøper ein av dei beste farmane der.

Historia om Kain og Abel er eit motiv som gjeng att i boka. Adam sin yngre bror Charles, som er den fysisk overlegne av dei, føler at faren avviser han og favoriserer Adam. Etter at Adam er reist til California blir han far til tvillingar, som får navna Cal og Aron. Det ligg i korta ved utgangen av bind 1 at det blir ei ny runde med Kain og Abel-dramatikk mellom desse to.

Boka handlar i stor grad om mennesket sine manglar og veikskapar, men også om venskap og storsinn. Det er t.d. sjokkerende å lese om Cathy, kona til Adam, sin råskap og egoisme, det er nedslåande å lese om Adam sin manglande tiltakslyst som gjer at han overser barna sine og vanskjøtter eigedomen sin, men det varmar å lese om Samuel som vil det beste for naboane sine, og om kokken Lee som på mange måter fyller morsrolla for tvillingane Cal og Aron. Det er ikkje klart for meg enno om der er ein overordna moral eller bodskap i historia, kanskje blir dette tydelegare etter del 2 er fullført. Men uansett er det ei knakande god forteljing.

Eg las denne under Lillevi sin felleslesing av Steinbeck haust/vinter 2013/2014, der dette er den 6. boka på leseplanen. Det har vært givande å vere med på dette tiltaket.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Sist sett

Amanda AHanne Kvernmo RyeEgil StangelandHarald KReidun SvensliCathrine PedersenBjørn SturødTanteMamieAnn ChristinalpakkaAnneWangStig TAlice NordliLilleviMathiasPiippokattaKirsten LundJoannAnne Berit GrønbechFarfalleMarianne MLinda NyrudLisbeth Marie UvaagConnieNerakntschjrldMarit HøvdeTurid KjendlieVioleta JakobsensomniferumRune U. FurbergChristofer GabrielsenTheaJan Arne NygaardIngunn STor-Arne JensenTine VictoriaMarianne_VannflaskeGodemine