Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Smarte Ethan...

Eller er han det?

Dette er boka om diskenspringar Ethan Hawley, kona hans Mary og dei to barna Allen og Mary Ellen som saman lever eit lykkelig familieliv i heller enkle lår. Deira motsetning ser ut til å vere ein god del meir eller mindre suspekte butikkeigarar, bankfolk og andre finansfolk med lyssky hensikter.

Ethan er ein svært ærleg og tillitsvekkande kar, ein som dei fleste har full tillit til. Den italienske butikkeigaren Marullo stolar på han fullt og fast, sidan han ikkje går i einaste av fellene han legg ut for han.
Andre sentrale personar er ma Margie Young, som er venn av familien, ei merkelig, einsleg dame med med eit noko hekseaktig preg. Banksjefen Mr. Baker spelar også ei viktig rolle i plotet, og det utan at han er heilt klar over det, eller? Alle desse medverkar i ei historie som får store økonomiske følgjer for mange.

Eg opplevde boka som meir merkeleg enn alt anna eg har lese av Steinbeck. Nokre sekvensar var velskrivne som forventa, medan eg i andre parti lurte på kva er dette??
Eg forstår ma ikkje kvifor synsvinkelen skifta ein god del ( kanskje nokon andre har svaret på det??)
I nokre kapittel var der tilsynelatande mykje uinteressant, uvesentlig småprat (for meg), medan andre deler hadde skildringar, hendingar med spenning av kjent, god kvalitet.

Eg trur eg må konkludere med at boka var annleis enn det eg hadde forventa, at eg sit att med nokre ubesvarte spørsmål, og at eg faktisk fekk nokre svake assosiasjonar til Ibsen sin Hjalmar Ekdal i «Vildanden».
Trur min terning landar på ein forundra 4.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Ingunn SLars MæhlumTheaEli HagelundReadninggirl30Harald Kmay britt FagertveitbandiniBjørn SturødMarit HåverstadAgnete M. HafskjoldMarianne MTurid KjendlieDemeterHanne Kvernmo RyeIngeborg GTor-Arne JensenCarine OlsrødAnneBeathe SolbergKari MeretePi_MesonPiippokattaKirsten LundTorill RevheimBjørg RistvedtLinda NyrudTone SundlandJulie StensethSolveigMonica CarlsenJBStine SevilhaugTone HRufsetufsaEgil StangelandsvarteperMargrethe  HaugenTine SundalHilde