Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Etter å ha lest igjennom tredje og siste bind i dette verket sit eg att med ei kjensle av å ha vært på ein festmiddag utan å få med meg kva hovudretten var. Jaudå, det var god stemning, eg kosa meg godt saman med dei andre, festsalen var overdådig pynta, der var mykje godt å drikke, og eg veit at eg åt godt også. Men kva var det eigentleg eg åt?

Store delar av band tre dreier seg om freistnadar på oppklaring av drapet på Fjodor Karamasov, far til brødrene Karamasov, og om rettssaka mot Dmitrij (Mitja], ein av brørne som har frykteleg mange bevis peikande mot seg. Broren Ivan og den moglege broren frå eit utanomekteskapleg forhold, Smerdjakov, får også ein del plass i denne boka. Eit høgdepunkt er når Ivan er sjuk og møter djevelen i ein feberfantasi. Eller var det eigentleg ein feberfantasi?

Ein ting eg ikkje greier heilt å få taket på, og dette gjeld heile verket, er alle faktene. Det nyttast store ord og vidløftige fakter når ein t.d. skal gjere greie for kjenslene sine, det blir noko teatralsk over det heile. Er dette typisk russisk? Eller er det typisk 1800-tal? Eller er det berre eit grep frå forfattaren, kanskje er tanken at desse faktene i større grad skal setje i sving lesaren sine kjensler? Det fungerer berre sånn passe for min del.

Så, etter å ha fullført ei av verdens beste bøker, kva sit eg att med? Reit bortsett frå kjensla av å vere nøgd med seg sjølv? Denne kjensla kan nok trygt tynnast ut med kjensla av at ein ikkje har fått med seg alt. Kanskje må eg lese boka mange gangar før eg eventuelt innser at den er ei av verdens beste. Men det er ikkje så veldig viktig for meg å bli overtydd om det, så det er stor sjans for at eg nøyer meg med denne eine gangen. Og denne gangen las eg den saman med gretemor sin lesesirkel, diskusjonstråden om boka er her.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Rune U. FurbergMarianne MAkima MontgomeryChristofer GabrielsenTanteMamiePiippokattaAstrid Terese Bjorland SkjeggerudJBIrakkLilleviKjell PMarit HøvdeFriskusenAnne-Stine Ruud HusevågYvonne JohannesenBjørg RistvedtHarald KBjørg Marit TinholtRufsetufsaReidun Anette AugustinHanneTatiana WesserlingmarithcTine SundalEllen E. MartolJohn LarsenTorill RevheimBirkaKirsten LundSol SkipnesBjørg L.Ingunn SJulie StensethStig TFrode Øglænd  MalminTor-Arne JensenHilde H HelsethKarin  JensenRuneAva