Viser 1 til 2 av 2 omtaler

Denne teksten røper noe fra handlingen i en bok. Klikk for å vise teksten.
Godt sagt! (1) Varsle Svar

Tenk deg at du får ein uventa presang. Nydeleg innpakka, forseggjort gåvepapir og flott silkeband med sløyfe på. Sjølve innpakkinga er så proft utført at det er ein rein nytelse å løyse opp bandet, brette opp dei sylskarpe brettane i papiret, og sjå der, innanfor er det eit like flott lag med silkepapir som også skal pakkast opp. Slik held ein fram til presangen er utpakka, og den er veldig fin men du veit ikkje heilt kva det er. Ei bokstøtte, kanskje, eller muligens ein stavmiksar, det er ikkje godt å bli klok på. Men gåva er uansett fin å sjå på og den gjev inntrykk av kvalitet, for ikkje å snakke om den fine innpakkinga, derfor er det uråd å ikkje bli glad for den.

Dette er ganske nøyaktig slik eg kjende det med denne boka. Det er ei samling på sju forteljingar (tittelen lyg ikkje) som har ganske lik forteljarstil og stemning. Språket er ein fryd å lese, og i kvar forteljing spennast det opp storslagne lerret som handlinga kan utspele seg på. Men så buttar det litt, det er berre unntaksvis råd for underteikna å forstå kvar forfattaren vil hen med historiene, poenga forsvinn rett og slett for meg. Eg held det for sannsynleg at litteraturkjennarar vil få meir ut av historiene enn det eg sjølv gjorde, for meg framstod det meir som ei fingerøving i skrivekunst utan klare tankar om kva som eventuelt skal formidlast. Men du verden, skrivekunsten i og for seg var overtydande til tusen.

Eg las denne saman med gretemor sin lesesirkel, diskusjonstråden er her, nok ein gong er eg glad og takknemleg for at deltakinga i lesesirkelen har leia meg til å lese ei god bok eg truleg ikkje ville funne på å lese av meg sjølv.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Sist sett

Violeta JakobsenHarald KsomniferumPiippokattaStig TKirsten LundRune U. FurbergChristofer GabrielsenTheaJan Arne NygaardIngunn STor-Arne JensenTine VictoriaMarianne_Hanne Kvernmo RyeVannflaskeGodemineSigrid Blytt TøsdalAnita NessIngvild SBeathe SolbergritaolineBookiacJakob SæthreSol SkipnesBente NogvaReadninggirl30mgeAstrid Terese Bjorland SkjeggerudLinda NyrudWenche VargasKatrinGVibekeAvaCarine OlsrødReidun Anette AugustinGladleserTove Obrestad WøienNinaMaiken