Klikk på en bok for å skrive en omtale.

Viser 21 til 23 av 23 bokomtaler

Peter Straub oppdaga eg ved eit tilfelle ein gong på 1980-talet, med romanen "Shadowland" som fanga meg inn frå første setning. Seinare skreiv han ei bok i lag med Stephen King, "The talisman" - på sett og vis eit litt umake par, ettersom Peter Straub er langt meir litterær enn King - resulatet blei bra.

Mursteinen "Ghost story" har også fanga meg inn frå første setning. Peter Straub kan kunsten å skapa ei indre, uhyggeleg spenning som held på interessa. Eg ser i omtalar av boka at romanen, forutan å vera ein grøssar av beste merke, samtstundes er ein litterær hyllest til genren. Ja, nokre seier til og med at "Ghost story" overgår både "Rosemary's baby" og "Excorsisten". Allereie etter nokre få kapitlar er det lagt ut så mange trådar som eg berre MÅ sjå enden på.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Lånte med meg heim to bøker om Anders Behring Breivik for eit par veker sidan - Aage Storm Borchgrevink si "En norsk tragedie" og Kristopher Schau: "Rettsnotater - 22. juli-rettssaken, Oslo tinghus 2012". Men orka lite av dette. Ikkje desto mindre fekk eg med meg mesteparten av "En norsk tragedie", som allereie er utropt som den ultimate ABB-biografien. Kanskje det. Mykje mimring om Frogner og tagging på 80-talet, og ein del om barnevern og skilsmisse og dataspel - og svært mykje om drapene på Utøya (som eg hoppa over). Tilsvarande lite om Fjordman og det ekstreme bloggermiljøet, lite om anti-islamisme, lite om korleis ABB planla og utførte terrorhandlingane, ingen djup analyse av dokumentet som ABB sendte ut 22. juli (og kven han sendte det til) - og absolutt ingenting om kva som kan ha bevega ein norsk ung mann til å gjera noko så uhyrleg. Det verkar som det vert knytta til ein teori om eit ønskje å bli kjend, eit stort namn - som Herostrates. Ei bok eg las med interesse, det skal innrømmast - men like fullt ei bok eg kunne klart meg utan.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Har nett lese ferdig Per Petterson si siste bok - "Jeg nekter". Eg las boka straks etter at eg var ferdig med Bror Hagemann sin roman "De fordømte", som på sett og vis er i same sjanger, og det vart difor til at eg automatisk samanlikna dei to bøkene. Det var sjølvsagt ikkje rett å gjera det, men det var no slik eg likevel gjorde det. Der Bror Hagemann si bok er konsist og stramt regissert, kan "Jeg nekter" til tider verka litt vel ordrik og omstendeleg. Dessutan vil ein alltid halda Per Petterson sine bøker opp mot "Ut og stjele hester" - og det er sjølvsagt heller ikkje rett.

Når alt dette er sagt, så er dette etter mi meining ei bra bok. Veldig bra. Sjølv om det var saker og ting der eg ikkje vart heilt klok på. "Jeg nekter" handlar om dei to kompisane Jim og Tommy, som veks opp på den vesle staden Mørk på 60-talet, ein gudsforlatt bygd utanfor Lillestrøm ein plass. Me følgjer dei i eit døgn i 2006, frå ein tidleg morgon til morgonen etter, kvar for seg - bortsett frå eit kort møte i byrjinga av boka. I ei rekkje tilbakeblikk, skrivne i både første og tredje person - og på same vis med andre personar i forteljinga - får me etter kvart rulla opp ein vond barndom og ungdom først og fremst for Tommy, som endar opp som eit kasus for barnevernet til slutt, med ein brutal far og ei mor som har stukke sin veg, men heller ikkje Jim har det så lett. Tommy har alle odds mot seg - likevel er det han som har gjort karriere som vaksen, medan Jim strir med seg sjølv og til slutt bestemmer seg for å gjera slutt på alt saman.

Måten denne historia blir fortald på, med ei rekkje stemmer i eg-form, og stundom i tredjeperson, stundom som tilbakeblikk og stundom i notid, verka litt forvirrande i byrjinga, men etter kvart såg eg at det knapt kunne gjerast på nokon annan måte. Ein fantastisk flott måte å komponera ei bok på! Det må ha kosta Per Petterson ganske mykje tenkearbeid.

Eg likar stemninga og miljøet i Per Petterson sine bøker. Det er ein stillferdig kvardag som blir skildra, jamne kvardagsmenneske, men like fullt ligg dramatikken bakom heile tida. Boka er ganske omfangsrik, det er sikkert ein masse episodar og avsnitt som kunne vore kutta heilt ut og gjort komposisjonen strammare. Men også dette må ha vore eit medvite val frå forlaget og forfattaren si side.

Delar av forteljinga er så stillferdig at eg kanskje ikkje fekk med meg alt. Kva skjedde med dei to gutane på vatnet, då dei trudde at isen ville bresta? Var det då Jim fekk ein brest i forholdet til Tommy? Kvifor prøvde Jim å ta livet av seg - og kvifor avviser han Tommy etterpå? Kva er det han forlanger for at venskapet skal bli bra igjen?

Boka endar dessutan med eit spørsmål. Når Jim fram til brua og hengjer seg, eller møter han Tommy og alt blir bra mellom dei? Kanskje det er berre eg som tolkar det slik - men for meg, i det minste, var det ein fin slutt på boka.

Kort sagt - god bok for både gamle og nye Petterson-fans!

Godt sagt! (21) Varsle Svar

Sist sett

Hilde Merete GjessingAstrid Terese Bjorland SkjeggerudInger-LiseJarmo LarsenTine SundalTor Arne DahlPiippokattaTor-Arne JensenTone NorenbergReadninggirl30Trude JensenIngeborg GAnne-Stine Ruud HusevågVigdis VoldAliceInsaneBjørg  FrøysaaEgil StangelandKjetilsveinLisbeth Marie UvaagMorten MüllerVannflaskeBenedikteKarin  JensenAnn ChristinbandiniAnneWangEli HagelundSol SkipnesgretemorStine SevilhaugHeidi LIngunn SPer LundStig TAnitaIreneleserHarald KTone SundlandHilde H Helseth