Klikk på en bok for å skrive en omtale.

Viser 1 til 6 av 6 bokomtaler

Kjell Einar Thorkildsen har skrive ein svært lesverdig og lettlesen roman om to middelaldrande menn som har møtt kvarandre på psykiatrisk institusjon, og som reiser til Spania for å gå den mykje omtalte pilegrimsruta til Santiago de Compostela. Romanen er kort, men rommar likevel mykje. Dette er på ei og same tid ei fin reiseskildring, eit usminka portrett av to fortumla menn som er lette å kjenna igjen og ein kritikk av psykiatrien.

Det viktigaste er likevel at Thorkildsen skriv romanen med liv og overskot. Ein får lyst til å lesa vidare når ein les "Langt frå kort".

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Lesverdig analyse av veksten til partiet Enhedslisten i dansk politikk dei siste ti åra. Boka er ein pageturner, men blir noko overflatisk. Ho fokuserer mykje på strategien som ligg bak suksessen til Enhedslisten, men det politiske innhaldet og konfliktane i dansk politikk kjem for mykje i bakgrunnen etter denne lesaren sin smak.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Dette er ei bok me har mangla i Noreg. Noko av årsaka til at det kjem få bøker om fiskeripolitikk er nok at det ikkje er det mest salgbare temaet her til lands. Røed har likevel skrive ein 300 siders pageturner om temaet, og han tek for både oppdrettsnæring og fiske langs norskekysten i eit globalt perspektiv. Røed viser at den norske forvaltninga av fisken fyrst og fremst er styrt av økonomi, og at kunnskapen om fiskeri og fangskvotar i forskingsinstitusjonar ofte må spela andrefiolin i møte med politikarar og næringsinteresser.

Dette er ei bok alle samfunnsinteresserte burde lesa. Røed viser i boka at fisken kan bli vår viktigaste næring i framtida. Medan oljeindustrien berre har nokre tiår att, kan me ha inntekter frå fiskeri i mykje lenger tid. Røed viser at framtida til næringa likevel svært usikker, både fordi overfiske og privatisering trugar felleskapet sine inntekter frå fiskeri- og oppdrettsnæringa.

Røed si bok er ei lesverdig blanding av nasjonal politikk, globale fiskeritrendar og artige anekdotar.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Dette er den mest lesverdige av dei tre 22.juli-bøkene eg har lese. Ifølge bokmeldaren i Morgenbladet er det ein veikskap ved boka at den manglar eit hovudfokus. Eg vil sei at dette snarare er ein styrke. Medan Aage Storm Borchgevink i den mest omtalte 22.juli-boka i haust, En norsk tragedie, i all hovudsak fokuserer på ABB sin barndom og bakgrunn, har Fatland si bok eit langt breiare perspektiv. Det er særskilt verdifullt å lesa om Fatland sine møte med dei etterlatne, og hennar skildring av hendingane på Utøya er dei mest fortetta og intense som er skrivne i ettertid av 22.juli. Denne lesaren sette også stor pris på presentasjonen av andre einsame ulvar som har begått terrorhandlingar dei siste åra.

Dag og Tid sin meldar av "Året uten sommer" meinte at dette er den boka om 22.juli som eignar seg best for omsetjing til andre språk, også fordi den opnar for fleire perspektiv enn dei andre bøkene om 22.juli. Det er ikkje vanskeleg å gje han rett.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Etter å ha lese dei to fyrste bøkene til Fanebust med stor interesse, var eg litt skuffa over denne. Det meste er kjent stoff for oss som har lese om den norske pionertida i oljebransjen, og som i tillegg følger samtidsdebatten om oljenæringa tett. Fleire bøker om same tema er meir interessante, til dømes Helge Ryggvik si "Til siste dråpe".

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Dette er sjølve bibelen for oss anglofile som er glade i gode pøbbar og godt øl. Kan tilrådast alle som set pris på god pøbbkultur og som skal til England, Skottland eller Nord-Irland!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Kirsten LundAlice NordliJoannAnne Berit GrønbechFarfalleMarianne MHarald KLinda NyrudLisbeth Marie UvaagConnieStig TNerakntschjrldMarit HøvdePiippokattaTurid KjendlieVioleta JakobsensomniferumRune U. FurbergChristofer GabrielsenTheaJan Arne NygaardIngunn STor-Arne JensenTine VictoriaMarianne_Hanne Kvernmo RyeVannflaskeGodemineSigrid Blytt TøsdalAnita NessIngvild SBeathe SolbergritaolineBookiacJakob SæthreSol SkipnesBente NogvaReadninggirl30mge