Som mange andre i denne tråden så set eg mest pris på omtaler som er lagt ut her. Men eg er sterkt usamd i at det ikkje skal vere godtatt å legge ut lenker til bokomtaler på bokbloggar. Ein eigen tråd for dette vil ikkje vere hensiktsmessig, for dersom ein lurer på ei bestemt bok og vil orientere seg i tilgjengelege omtaler så er det jo i "bokomtaler"-seksjonen til den aktuelle boka ein vil leite, og ikkje søke rundt i diskusjonstrådar.
Eg støtter dei som meiner at slike lenker er mest hensktsmessige dersom det er litt tekst saman med lenka, slik at ein får eit grunnlag for å vurdere om det er bryet verdt å klikke seg vidare. Men det er et skilje mellom eit slikt ynskje, og å ta til orde for å forby lenker utan følgetekst.
Det finnest forøvrig eit enkelt virkemiddel for at dei beste bokomtalene blir mest synlege; under den enkelte bok-sida så rangerast dei ulike omtalane etter antal stjerner. Gi derfor honnør i form av stjerner til bokomtaler de meiner er mest hesiktsmessige for brukarane av nettstaden.
Denne er på min topp-3-liste gjennom tidene. Irving var aldri så bra som her og blir aldri så bra igjen, dessverre.