x2

av (forfatter) og Gunstein Bakke (oversetter).

Samlaget 2020 E-bok

Gjennomsnittlig terningkast: 5.00 (1 terningkast.)

4 bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos norli.no! Kjøp boka hos norli.no! Kjøp ebøker og lydbøker på EBOK.NO Kjøp boka hos Akademika Kjøp boka hos ark.no

Omtale fra forlaget

Eit stadig foranderleg bygg. Den svenske poeten Björner Torsson har gjennom 50 år stått støtt på ein plass heilt for seg sjølv. Med dobbeltutgivinga av samlingane «I skuggen av ein hare» (2001) og «Hüzun eller Den samanleggberre nasen» (2012) blir han utgitt på norsk for første gong. Torssons dikt er i stadig rørsle, med høg energi og ein heilt eigen logikk og sans for absurditetar og det skapande potensialet i språket. Dei er leikande, opprørske og burleske samstundes som det ofte finst ein tydeleg understraum av melankoli og sorg i dei.

Å lese den arkitektutdanna Björner Torsson kan vere som å vere inne i eit bygg av Hans Escher («men dette går då ikkje an!»), før ein i neste augneblink snarare må tenke på Kurt Schwitters' Merzbau. Vi ser nærmast dikt bli til framfor nasen på oss: først presist oppbygde gjennom sterk sanselegdom, innfall og uventa bilde - i neste augneblink rivne ned eller korrigerte gjennom avbrot og distraksjonar. Dei skal alltid vidare. Til saman utgjer dei eit byggverk som, nettopp fordi det nektar å stivne i ei form, står støtt på ein plass heilt for seg sjølv.

Gjendikta frå svensk av Gunstein Bakke. Etterord ved poeten Dan Gustavsson.

Bokdetaljer

Forlag Samlaget

Utgivelsesår 2020

Format E-bok

ISBN13 9788234002144

EAN 9788234002144

Språk Nynorsk

Sider 129

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokelskeres terningkastfordeling

0 1 0 0 0 0

Bokomtaler

Ingen omtaler ennå.

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

EIN KLIVANDE KROPP

Ein klivande kropp:
Inn i den synlege verda kjem den, sakleg blant saker og ting

Hav løfter vinden, vinden havet
Blir rive laus av iveren i eit anna element

Eplet ligg der i kassen og lukta lèt seg forme av kassen
Lukta får slik ei form, den sperrar seg ut mot veggane

Kroppen kliv liksom ut av seg sjølv, tek eit steg ut av kroppen
Den ryddar veg, den blundar vilt

Eit hannleg steg i verda, eit holeg kliv over ei grøft
Eit steg tilbake ned i søle, med sol i ryggen

Kua trugar piggtrådgjerdet med juret sitt
Tida strekker seg ut til alle kantar

Det vi er redde for, skjer allereie, ulykka er framme
Den bukseforma vasen vaklar, men blir stødd av lufta

Eg stryk over ei av verdas mange kjegleformer
Eg kjærteiknar den gjennomskinlege kroppen for å få den synleg

Vi visste heile tida, noko grunnleggande om verda
Ho tek seg inn i og ut av oss, ho brenn som eit bål

Vi stig som steinar
Vi kliv svartkledde og vengebretta blant skyene

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Bokelskere som følger boka

4 bokelskere følger dette verket.

Se alle bokelskere som følger dette verket