Omtale fra forlaget
Då Synne kjem i puberteten, styrtar ho gjerne inn bak ei lukka dør på rommet sitt, for å få vere aleine med det ho ikkje ønskjer at dei vaksne skal røre ved: løyndommane jentene har mellom seg på skulen, ofte pakka inn i noko; ei låg røyst eller innsida av ei hand, eller ein lapp, hastig krølla saman og kasta bort på pulten hennar.
I friminutta finn jentene glede i å kviskre og vere stinne av noko dei andre ikkje kjenner til, og samlar seg alle stader der dei kan styrte inn og hekte ein krok på døra; tronge båsar på toaletta, der det så vidt er plass til dei, og det nesten ikkje er luft igjen til gispa dei støyter ut når dei får sjå bildet som ei av dei har med seg, av ein gut i åttande.
Dei veit ikkje heilt kva dei skal gjere med dei nye, yre kjenslene som har begynt å herse med dei: Som sjeldne fuglar kjem dei frå ein framand stad og sporar opp adressa deira med sikkert instinkt.
Straks dei slår seg til, bruser dei med vengene og fører dei opp i lett luft, så dei ikkje lenger kjenner grunnen under seg, men føler at dei svever, for så å la dei falle bratt til bakken igjen.
Om tida:
I timane på ungdomsskulen på midten av 60-talet sørgjer lærarane for at elevane ikkje skal gløyme at dei er norske. Songtimen kvar laurdag er som ei messe der dei sver truskap til landet og folket, og til Gud, som vakar over dei heile tida; i timane i norsk blir dei kjende med tekstar av Aasen og Vinje, og gamle kvad frå norrøn tid, så dei ikkje skal vansmekte av mangel på næring, og få voksteren klipt av.
I radioen annankvar fredag kan ungdommane lytte til «Ti i skuddet», der dei kan la songane til pop-grupper som Animals og Pussycats og Dave Clark Five ta med seg noko av det som har demt seg opp i dei gjennom dagane; det dei ikkje har funne ord for sjølv, eller synest at dei kan seie på ein annan måte.
Forlag Glytte
Utgivelsesår 2021
Format Innbundet
ISBN13 9788269259100
EAN 9788269259100
Omtalt tid 1960-1969
Omtalt sted Stavanger
Språk Nynorsk
Sider 148
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket2 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket