Omtale fra forlaget
Dette er den andre forteljinga frå Bløygen. I Bløygen har dei alt, men keisemda ligg på lur. "Alle som budde i Bløygen syntes lenge dei budde på den beste staden i verda. Dei hadde ordfører. Dei hadde buss. Dei hadde tre butikkar, ein trøbbelkiosk, ein lyktestolpe, ein bussjåfør og ei avis. Det budde tretten folk i Bløygen. Dei hadde eit kor, ein veg og ei bru. Dei hadde ei elv som rann under brua. Dei hadde seg sjølv, og dei hadde kvarandre. - Ja, her har vi det godt, sa dei. - Ja, her er det trygt og fint! - Her kosar vi oss og har det triveleg, ja! - Ja, nei her er det ikkje mykje kjedeleg! - Kjedeleg her, nei!" Men Keisemda ligg på lur. Ho ser alt og ho høyrer alt. Kva skjer med dei tretten folka i Bløygen om Keisemda slår kloa i dei? Kva skjer til dømes med ordføraren Rosina Myrl, eller med Bidger og Esmiluni, som var så utruleg forelska i den fyrste forteljinga frå Bløygen, VERDAS MEST FORELSKA PAR?
Forlag Cappelen Damm
Utgivelsesår 2024
Format Lydfil
ISBN13 9788202854003
EAN 9788202854003
Serie Bløygen (2)
Språk Nynorsk
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
14 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket