Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Boka inneheld 13 noveller. Novellene er lagt til ulike miljø, dei skiftar mellom kvinneleg og mannleg perspektiv, og skildrar barn, ungdom, vaksne og eldre. I ein nøktern og nådelaust avslørande tone tematiserer dei tekstane overgangsfasar, frå fellesskap til einsemd, frå klaustrofobi til fridom, frå liv til død. Dette er debutboka til forfattaren.
Omtale fra forlaget
Sigrid Merethe Hanssen debuterer med denne novellesamlinga, som imponerer med psykologisk innsikt og sensitivitet for samspel mellom menneske. Novellene er varierte: dei er lagt til ulike miljø, dei skiftar mellom kvinneleg og mannleg perspektiv, og skildrar barn, ungdom, vaksne og eldre. I ein nøktern og nådelaust avslørande tone tematiserer dei tekstane overgangsfasar, frå fellesskap til einsemd, frå klaustrofobi til fridom, frå liv til død. Eg spør om ho har vore oppe på knausen no, og ho svarer ikkje på det, men ho raudnar litt synest eg, og ser bort. Eg kom berre forbi, svarer ho, skulle berre oppover til dei andre ein snartur. Ja, seier eg. Ja, for du ventar jo på nokon, seier eg, men forstår i det same at ho ikkje gjer det, at ho ikkje har tort å vente meir, og eg forstår at det kanskje ikkje er nokon å vente på. Og tunga mi hugsar noko fint og finn ein framand smak på leppene, men eg vågar ikkje heilt tru at det er slik, så eg står her berre og kan ikkje vite, og slik står ho òg og veit heller ikkje. Og trasten lagar slikt leven innover i skogen, og eg kjenner at slik er det no. At vegane finst der, men at ingen veit. Og heile tida høyrer eg nye tonar frå skogen.
«En stilren og dyktig utført debut.»
Anne Merethe K. Prinos, Aftenposten
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2007
Format Innbundet
ISBN13 9788252169065
EAN 9788252169065
Serie Samlaget noveller
Språk Nynorsk
Sider 93
Utgave 1
Tildelt litteraturpris Blixprisen 2007
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket