Omtale fra forlaget
Dette er den første norskspråklege innføringsboka i sosiolingvistikk, eit fag som etter kvart har fått stor merksemd innanfor nordiskstudiet. I tillegg er boka aktuell for studentar i lingvistikk, norsk i lærarutdanninga, kommunikasjonsfag og migrasjonspedagogikk.
Framstillinga drøftar ulike former for språkleg variasjon og viser korleis ein har valt å forske på slike problemstillingar. Forfattarane presenterer ulike sosiolingvistiske teoriar og underbyggjer dei med norske eksempel og undersøkingar. Boka fungerer som ein innfallsport til dei meir komplekse tema i faget og stimulerer til spørsmål og funderingar omkring samband mellom språk og ulike samfunnstilhøve.
Språkmøte er meint som undervisningsbok, men stoffet er presentert på ein slik måte at det også ligg godt til rette for ein god del sjølvstudium. I tilknyting til kvart kapittel er det laga spørsmål til repetisjon av sentrale tema og til vidare refleksjon og eigenaktivitet. I tillegg finst det forslag til faglitteratur for dei som ønskjer å gå djupare inn i sosiolingvistiske problemstillingar.
Forlag Cappelen Damm akademisk
Utgivelsesår 2003
Format Heftet
ISBN13 9788202198206
EAN 9788202198206
Språk Bokmål Nynorsk
Sider 280
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket41 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket