Omtale fra forlaget
Eit sjimpanseportrett.
Midt på natta mellom første og andre juledag 1979 blei det fødd ein liten sjimpanse i ein dyrepark i Kristiansand. Han heitte Julius og skulle få ein vanskeleg start på livet. Mora avviste han, og til slutt måtte Julius flytte inn hos to menneskefamiliar.
Men korleis går det eigentleg når ein sjimpanse flyttar inn til menneska? Dette er den sanne historia om Noregs største dyrekjendis. Om den lange vegen tilbake til sjimpansane og om tiår med isolasjon og fluktforsøk. Om korleis Julius til slutt klarte å bli leiar for sjimpanseflokken i Dyreparken, og om korleis menneska han ein gong budde med, framleis ser på han som ein slags bror.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2019
Format E-bok
ISBN13 9788252199314
EAN 9788252199314
Omtalt sted Kristiansand
Omtalt person Julius
Språk Nynorsk
Sider 243
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Biografien om sjimpansen Julius, skriven for barn som ikkje vaks opp med dette "fenomenet" i media og på plate. Kan det fungere? Ja, det meiner eg at det gjer, sjølv om eg er 46, utan barn i målgruppa, og har kunna Julius-songen i meir enn 30 år. Først og fremst fungerer det fordi Alfred Fidjestøl skriv så godt. Han gjer at lesaren koser seg, ler høgt, følgjer med i spenning, og til slutt må gråte ein liten skvett, trass i at denne lesaren faktisk kjenner til det meste av denne historia frå før av. Dessutan er det ei mengd fotografi i boka som òg dokumenterer livet til den kjende apen. Eg trur at denne boka vil fungere både som eigenlesing og som høgtlesing for den eigentlege målgruppa, som nok er barn i barneskulealder. Og eg trur ikkje at eg er den einaste med høgare alder som kan kome til å kose seg med boka.
Jeg hørte denne som lydbok, så gikk tydeligvis glipp av masse illustrasjoner. Men da kan jeg i alle fall si at jeg ikke synes teksten står seg aleine. Den blir veldig oppramsende når den forteller om Julius’ tidlige liv, det handler mest om hvor kjent han var da, og jeg kan ikke se at det skal være så interessant for unger i dag? Det blir nærere og mer gripende når vi nærmer oss vår tid. Men teksten halter fortsatt, synes jeg, den prøver å være enkel, men plutselig dukker det opp fremmedord.
Jeg skjønner ikke helt poenget med boka, jeg. Det virker litt som et forsøk på å gjenbruke en gammel suksess uten at det er noe nytt å tilføre. Og jeg sitter igjen med en litt uggen følelse for hele prosjektet. Julius har jammen ikke hatt det greit, men det er mange som har tjent penger på ham.
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket