Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Dikta i denne samlinga handlar blant anna om minne frå barndommen, segner, overtru og folkeprat.
Omtale fra forlaget
Dikta i denne samlinga handlar blant anna om minne frå barndommen, segner, overtru og folkeprat.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2008
Format Heftet
ISBN13 9788252171273
EAN 9788252171273
Serie Samlaget poesi
Språk Nynorsk
Sider 60
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketDen sommaren leiken stilna
mellom epletrea i tunet
skar vi bokstavane våre inn
i kvar einaste stamme
I såra pipla sevja langsamt fram
Vi la tungene våre mot borken
og saug i oss den bitre smaken
av rått tre
Heile hausten seiv gylne perler
i rader nedetter trestammane
Sola hang fast i den mjuke kjernen
medan epla fall og fall
Dråpar sprett frå elva
og vert til sprø is langs kantane
Innanfor er eit landskap for snø
Eg går over markene i ei blå kåpe
På armene ber eg tunge korger
fulle av vinterfrukt
Når våren kjem
vil spora mine smelte fyrst av alt
verte til grøne opningar i snøen
Noko kjem til å vekse der