Omtale fra forlaget
"Sånne som oss" hadde urpremiere på Den Nationale Scene den 10. mai 2014 og gikk for fulle hus kvar kveld. Stykket er sett opp igjen frå 4. september til 17. oktober 2015. I dette musikalske dramaet er songane til John Olav Nilsen eit medrivande lydspor. Musikken blir på scena nytolka av Thea Hjelmeland, kun i form av hennar eiga stemme. Bokutgåva inneheld ei samtale med Frode Grytten og John Olav Nilsen, intervjua av Øyvind Vågnes.
Det er første haustdag med snø i Bergen. Bussar og bilar stampar i kø over heile byen. Heime i bustaden i Loddefjord sit Bente Eriksen. Ho er urolig for mannen, Frank, som ikkje har gitt livsteikn frå seg på mange timar.
Då han endelig dukkar opp seint på kveld, hevdar han at han har vore på boksetrening. Bente veit betre. Eit drama om stor sorg tar til å falde seg ut. Den vesle bustaden i suburbia blir etter kvart fylt med alle dei som har fått liva sine snudd opp ned gjennom tapet av ei dotter.
Her kjem sonen Tom som nettopp har sluppe ut av fengsel, og som har med seg kjærasten Emilie. Her kjem farmor Anna og farfar Arne, som budde her den gongen leiligheita var ny. Denne familien bærer på for mykje fortid, og dei veit rett og slett ikkje korleis dei skal handtere all sorga og all kjærleiken.
Forlag Oktober
Utgivelsesår 2015
Format Heftet
ISBN13 9788249515530
EAN 9788249515530
Språk Nynorsk
Sider 184
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket