Omtale fra forlaget
Som hans førre, kritikarroste novellebok Sjabervik (2011), tar Ortens nye samling utgangspunkt i eit lite lokalsamfunn, der han lar oss møte rotlause skapningar frå dei tidlegaste tider og fram til i dag. Med innsikt og språkleg eleganse formidlar han menneskets uforanderlegheit gjennom tidene i ulike kortsjangrar som noveller, runeinnskrifter, bånsullar, kulokkar, balladar, preiker, graffiti og amerikabrev. Vi blir vitne til ei reise gjennom historia, og får oppleve ei rekkje ulike menneskeskjebner, frå det fyrste steinaldermennesket som kjem roande nordover med eit lite barn, den namnlause trælen som ventar på å bli løyst, den vakre tenestetausa Dagny, soldaten Erik og den bekymra faren hans og fram til den gravide tenåringsjenta som slit med å gjennomføre skulen, den prostituerte Maria og den femti år gamle firehundremeterløparen som ønskjer å vinne tilbake gamlekjærasten sin. Risp i berget er ein overbevisande kollasj av livsglimt, som spenner frå det dramatiske til det kvardagslege, frå det mørke til det humoristiske.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2015
Format E-bok
ISBN13 9788252188417
EAN 9788252188417
Omtalt sted Norge
Språk Nynorsk
Sider 173
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Tilliks med den førre novellesamlinga til Orten, Sjabervik, så får ein her eit knippe forteljingar som stort sett er frå same stad, men med god spreiing i tid. Og denne gongen femner forfattaren enno vidare i tid, dei første korte stubbane er venteleg frå slutten av siste istida. Stykka ser ut for å vere ordna kronologisk, og for den nyare tida så er det enkelte personar som gjeng att i fleire stykke.
Der er også denne gangen ein viss variasjon i stil. Dei fleste stykka er i prosa, men her er mellom anna også dikt, ei preike, eit brev, ei vermelding og ein do-grafitti. På mange måtar blir dette derfor ei slags samling av forundringspakkar. Det er heller ikkje så opplagt, i alle fall ikkje for denne lesaren, kva forfattaren ynskjer å formidle med enkelte av tekstane.
Lokaliteten til forteljingane er eit øysamfunn på Sunnmøre. Skal eg våge meg med ein påstand om at forteljingane inneheld essensen av det som har forma mentaliteten til øybuarane gjennom århundra? Det er i alle fall freistande å tenke i den retninga. Enkelte av stykka er humoristiske, andre er burleske, og atter andre er berre underfundige. Og dei aller fleste er ganske bra.
Språket er som vanleg flott, retteleg behageleg å lese var det. Det kan sjølvsagt ha ein samanheng med at eg deler forfattaren sin dialekt, men eg trur nok at også ikkje-sunnmøringar vil kunne la seg begeistre over språket. Eller?
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketDøden har ingen slutt. Men overalt byrjar han.
Ananias Johannesson er brun i huda. Som om mykje av den gamle, mørke krafta frå stein og mold framleis lever i han. Han ser ung ut, lett i kroppen. Men kan ikkje vere ein dag yngre enn 90.
8 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket