Omtale fra forlaget
Terningkast 6! En usedvanlig billedrik og vakker roman. - Fædrelandsvennen.
Mektig dystopi frå brageprisvinnar Tore Kvæven. Nominert til Sørlandets litteraturpris! Året er 2060. Generalløytnant John Arnhem og elitesoldatane hans ligg skjult bak røter og breie bregnar i Malaysias jungel. Dei er i fiendens habitat, jakta av avanserte blodhundar som kan fanga opp lukter med konsentrasjonar ned til enkeltmolekyl. Det er her det blir avgjort om dei skal venda attende til australsk jord, eller om dei til sist skal gå i eitt med regnskogens evigvarande fukt og stank. Den verdsomspennande krigen har vart i 17 år. I Australia er det berre ein liten by i nordvest som enno klarer å halde stand mot fienden. Sentralt i forsvaret står John Arnhems spesialeining Dronningas jegerar. Men krigen og alt John Arnhem har trudd på, er i endring. Den sigeren han ein gong trudde han skulle oppleva, synest fjernare enn nokon gong. Medan krigsmaskineriet rullar fram i all sin brutalitet, finst naturen der, også den full av elende, men òg av livskraft. Medan menneska manøvrerer mot sin eigen undergang, gjer villhestane som dei alltid har gjort, dei følgjer flokken og instinktet og gjer kva dei kan for å overleve.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2023
Format Lydfil
ISBN13 9788234008559
EAN 9788234008559
Serie Raudt støv (1)
Genre Dystopier
Omtalt tid 2060-2069
Språk Nynorsk
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Kvæven skriv framleis poetisk og god nynorsk. Han skildrar vekselvis frå dyre- og naturperspektiv, og frå den tilsynelatande meiningslause krigen som har vart så lenge at det er uklart korleis det heile begynte, og i alt dette eit tredje perspektiv, menneska som lengtar, prøvar å halde på det som gjer dei til menneske, drøymer om det som ein gong gjorde dei lukkelege. Boka er driven av ei ytre handling, persongalleriet er stort, kanskje fordi mange må nemnast slik at mange kan døy, og eg er klar over at denne fyrste delen gjerne måtte vere slik, for å legge grunnen for del 2 som skal kome. Las ho ut på nokre få dagar, fordi ho var spanande, lettlest og djup.
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketDen soldaten som kjempar for å verna det umistelege, vil inst inne vita at også fiendens menn og kvinner er som han sjølv. Ikkje dermed sagt at dei Ikkje må drepast og nedkjempast. Alternativet er verre. Men så lenge den han ser, på den andre sida av ingenmannslandet, er eit verdig menneske, vil ein også sjølv ha verdi. Mens den som blir dregen nedover, til berre det umenneskelege i fienden finst igjen, vil over tid tapa omtanken også for dei han skal verna. Deretter seg sjølv.
26 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket