Forlag Blackstone Audio
Utgivelsesår 2012
Format Audio CD
ISBN13 9781441703927
Språk Engelsk
Sider 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ei mektig forteljing, rett og slett, av den polske Nobelpris-vinnande forfattaren Henryk Sienkiewicz. Forteljinga er basert på historiske hendingar, med keisar Nero og brenninga av Roma i år 64 som ein del av bakteppet. Men den viktigaste delen av bakteppet er kristendomen, og korleis denne får fotfeste i byen på denne tida.
Det er ikkje unaturleg at polakken Sienkiewicz vel seg ei heltinne frå heimtrakene til boka si, Lygia er ei lugisk (stammefolk frå det som no er dei sørlege delane av Polen) prinsesse som er i eit slags fangenskap i Roma, og som har konvertert til kristendomen. Offiseren og gentlemanen Marcus Vicinius blir forelska i Lygia, men klarer ikkje å vinne henne ved makt. Dermed må han revurdere sitt eige livssyn, og finne ut av kva som må til for å kome inn i Lygia sitt liv.
Denne kjærleikshistoria er likevel den minst interessante delen av historia. Skildringane av livet i Roma var heilt eineståande. Enkelte scener frå parader, festlege tilstelningar og mindre festlege tilstelningar var reint til å miste pusten av. Mykje av persongalleriset og av hendingar er som nevnt henta frå historisk materiale. Framstillinga av Nero er ein studie i kor gale det kan verte når ein eineveldig herskar mister kontakta med røyndomen. Det var også moro å møte Peter og Paulus i arbeidet deira med menigheitene i Roma.
Eg høyrde denne som lydbok frå loyalbooks, opplesaren gjorde ein særs god jobb. Hadde kjærleikshistoria i tillegg vært litt meir interessant ville eg ha trilla høgste terninkast. Det er forøvrig verdt å nemne at det er laga opp til fleire filmatiseringar av historia.
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket"Be greeted, O ruler of the earth, guardian of the chosen people, and Cæsar, lion among men, whose reign is like sunlight, like the cedar of Lebanon, like a spring, like a palm, like the balsam of Jericho."
"Do ye refuse to call me god?" inquired Nero.
(Chapter XLIX)
"Of what school art thou, divine sage?"
"I am a Cynic, lord, because I wear a tattered mantle; I am a Stoic, because I bear poverty patiently; I am a Peripatetic, for, not owning a litter, I go on foot from one wine-shop to another, and on the way teach those who promise to pay for a pitcher of wine."
"And at the pitcher thou dost become a rhetor?"
"Heraclitus declares that 'all is fluid,' and canst thou deny, lord, that wine is fluid?"
(Chapter XIII)
Bøker skrive av Nobelprisvinnarar, og som eg har lest eller har leseklare i bokhylla. Sortert etter året forfattaren fekk Nobelprisen, dernest etter årstalet boka kom ut.