Forlag Jose Olympio
Format Hardcover
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Pensão Riso da Noite (Pensjonat Latter i Natta) er ein bordell i småbyen Caruaru i delstaten Pernambuco i nordaust-Brasil. Byen er verkeleg nok, men eg gjeng ut frå at bordellen er oppdikta. Forfattaren José Condé var fødd og oppvaksen i denne byen, og har henta inspirasjon til fleire av bøkene sine herifrå.
Pensão Riso da Noite kom ut i 1966, men handlinga er lagt til 1927. Eller handlingane. Boka har nemleg karakter av ei samling noveller, og med ulike hovudpersonar i alle novellene. Enkelte hovudpersonar treff ein berre i ei novelle, andre får bi- eller statistroller i andre av novellene. Det er eit fargerikt og interessant persongaleri som blir skildra i boka, og dei enkelte historiene kan svinge frå farse til tristesse. Bordellen har ei perifer rolle i historiene, med unntak av dei to siste der den er sentral.
Den første, og lengste, historia handlar om trigamisten Quequé, ein handlesreisende som har gifta seg med tre svært ulike damer i tre delstatar. Denne historia har gitt opphav til TV-miniserien "Rabo de Saia" ("Skjørtejeger" kan vere ei teneleg norsk overstjing, sjølv om det ikkje er heilt rett), som gjorde stor suksess i Brasil i 1984.
Av andre historier kan ein nemne den brutale og smådumme lensmannen som ynskjer han kunne vere prest, den gamle enka som før fram ein geitekilling som blir alkoholikar (geita, altså), gammeljomfrua som er så desperat etter mannfolk at den fromme søstera hennar henter presten slik at ho kan få hjelp (og det får ho), og om den natta då horene gjeng til streik.
Alt i alt ei mangefasettert bok, som kallar både på smilet, gapskratten og ettertanken.
Boka finnest også i tysk oversetjing (1968).
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketEg elsker ingen dame
Men damer, ja, min ven
Og dette er det same
Som å elske kjærleiken
I januar, den 18, på åremålsdagen til Dona kom Nô heim med ein presang. Han gøymde den i ei grastue ved brønnen, eit stykke unna huset, og deretter leitte han opp kona for å fortelje om dei gode nyhenda:
"Eg har ikke gløymt dagen din, gamlemor.Og veit du kva eg har kjøpt?"
Dona var sjokkert, og han gjorde ei pause.
"Eg vil du skal gjette. Eg vil berre gi eit lite hint; det er ein presang som kjem til å gjere oss rike alle saman, først og fremst deg og guten, for eg er ein uegoistisk mann, eg bryr meg ikkje så hardt om meg sjølv, berre om mine."
Han gjekk ut att på tunet og fann fram pakken. Kona stod ved sidan av Almiro, framleis utan å forstå noko.
"Sjå her, no" sa han medan han åpna opp pakken. "Ein kamphane!"
Brasilianske bøker eg har lest på originalspråket. Eg har prøvd å rangere etter kor flittig eg måtte bruke ordliste under lesinga, eller kor enkelt/vanskeleg eg ellers synest språket i boka var. Lettaste bøker øverst, vanskelegast til slutt.
Tanken bak lista er, i tillegg til at det er ein referanse for min eigen del, at dersom nokon andre skulle få lyst til å lese nokon av desse bøkene så kan ein på førehand danne seg ein ide om kor krevjande eller lett det kan vere språkmessig.
Eg har lagt ut teningkast som kommentar til bøkene i lista. Ved å klikke på den enkelte boka finn ein også bokomtaler for dei fleste av dei (det gjeng fram av kommentarane i lista kva for bøker som ikkje har omtale).