På saklista

nynorsk språk- og dokumentlære for lokalforvaltninga

av (forfatter) og Landssamanslutninga av nynorskkommunar (utgiver).

Fagbokforlaget 2006 Heftet

Ingen bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos norli.no! Kjøp boka hos Akademika Kjøp boka hos ark.no

Omtale fra Den Norske Bokdatabasen

I dette heftet får du rettleiing i dei mest vanlege problema i nynorsk offentleg målbruk. Forfattaren tek for seg dei typiske feila i offentlege nynorskskriv. I tillegg kan du læra om kvifor nynorsk er eit godt språkverktøy i kommunane, å skriva brev formelt rett og forståeleg, nynorsk ordval og ordlegging, ulike teksttypar i det offentlege, å skriva for nettet, den gode saksutgreiinga og den dugande saksbehandlaren. Du finn og ei samling med oppgåver og ei ordliste med ord og uttrykk som ein ofte lurer på.

Omtale fra forlaget

I dette heftet tek me deg med til den oppdikta kommunen Lyte. Du får innsyn i det daglege strevet til dei tilsette og folkevalde. Gjennom døme frå den kommunale kvardagen får du rettleiing i dei mest vanlege problema i nynorsk offentleg målbruk. Kursforfattaren tek for seg dei typiske feila i offentlege nynorskskriv. I tillegg kan du læra om - kvifor nynorsk er eit godt språkverktøy i kommunane - å skriva brev formelt rett og forståeleg - nynorsk ordval og ordlegging - ulike teksttypar i det offentlege, som notat, referat, anbod, stillingslysingar osv. - å skriva for nettet - den gode saksutgreiinga og den dugande saksbehandlaren Du finn og ei samling med oppgåver og ei ordliste med ord og uttrykk som ein ofte lurer på. Kursheftet kan brukast som eit eige hjelpemiddel på alle kommunale og fylkeskommunale kontor. Det blir og bruka på skreddarsydde kurs som Landssamanslutninga av nynorskkommunar formidlar. Kursforfattar Jan Olav Fretland er fyrsteamanuensis ved Høgskulen i Sogn og Fjordane og har lang røynsle som kurshaldar og lærebokforfattar. Han har mellom anna bakgrunn som etatsjef i Lærdal kommune og rektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Fretland har og vore leiar i Språkrådet. Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) er ein organisasjon for kommunar, fylkeskommunar og interkommunale tiltak som har til formål å fremja nynorsk språk og kultur i offentleg verksemd. LNK har meir enn 100 medlemmer.

Bokdetaljer

Forlag Fagbokforlaget

Utgivelsesår 2006

Format Heftet

ISBN13 9788245004311

EAN 9788245004311

Språk Nynorsk

Sider 143

Utgave 2

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokomtaler

Ingen omtaler ennå.

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Ingen sitater ennå.


Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Bokelskere som følger boka

0 bokelskere følger dette verket.

Se alle bokelskere som følger dette verket