På saklista

nynorsk språk- og dokumentlære for lokalforvaltninga

av (forfatter) og Landssamanslutninga av nynorskkommunar (utgiver).

Fagbokforlaget 1994 Spiral

Ingen bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos norli.no! Kjøp boka hos Akademika Kjøp boka hos ark.no

Omtale fra Den Norske Bokdatabasen

Dette heftet er grunnboka i eit kursopplegg som Landssammanslutninga av nynorskkommunar (LNK) set i gang hausten 1994. Heftet har ein oppgåvedel og ordliste/stikkordliste. Til heftet finst ein diskett med omlag 50 døme på god offentleg språkbruk og malar til dokumenter. I tillegg vil NKS fjernundervisning utarbeida fjernundervisningsmateriell til heftet. Kurset høver for offentlege tilsette med nynorsk som administrasjonsmål eller som nyttar noko nynorsk.

Omtale fra forlaget

I dette heftet tek vi deg med til den oppdikta kommunen Lyte. Du får innsyn i det daglege strevet til dei tilsette i kommuneadministrasjonen. Gjennom døme frå den kommunale kvardagen får du rettleiing i dei mest vanlege problema i nynorsk offentleg målbruk. Kursforfattaren tek opp mange typiske feil i offentleg nynorskskriv, i tillegg til: - holdningar til språk og språkbruk - særmerke på nynorsk offentleg språk - god nynorsk brevform, oppsett og rettskriving - ulike sjangrar i det offentlege - nynorsk ordval og ordlegging Heftet har også ei oppgåvesamling med døme frå offentleg språkbruk og ei ordliste med ord og uttrykk du ofte lurer på, i tillegg til stikkord over viktige tema i heftet. Til heftet finst det og ein diskett med om lag 50 døme på god offentleg nynorsk målbruk. Der finn du førelegg for protokoll, anbod, instruksar og mykje meir, som kan kopierast inn på ulike edb-system i kommunane. Kursheftet skal brukast som hjelpemiddel i kurs som LNK formidlar, men kan også nyttast som sjølvstendig lærebok. Kurset høver for tilsette i kommunar og fylkeskommunar med nynorsk administrasjonsmål, for alle andre tilsette i kommunar/fylkeskommunar som nyttar noko nynorsk, og for kontortilsette i regional og lokal statsforvaltning. Kursforfattar Jan Olav Fretland er norsk filolog og har lang erfaring som både kursforfattar og kurshaldar. Han har tidlegare m.a vore førsteamanuensis ved Sogndal lærarhøgskule og kultursjef i Lærdal kommune. For tida er han rektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) er ei samanslutning av kommunar, fylkeskommunar og interkommunale tiltak som har til færemål å fremje nynorsk språk og kultur i offentleg versksemd. Dette kursheftet er ein del av LNK sitt arbeid for å styrkje språkopplæringa i kommunar og fylke.

Bokdetaljer

Forlag Fagbokforlaget

Utgivelsesår 1994

Format Spiral

ISBN13 9788276740493

EAN 9788276740493

Språk Bokmål

Sider 102

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokomtaler

Ingen omtaler ennå.

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Ingen sitater ennå.


Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Bokelskere som følger boka

0 bokelskere følger dette verket.

Se alle bokelskere som følger dette verket