Omtale fra forlaget
I dette heftet tek me deg med til den oppdikta kommunen Lyte. Du får innsyn i det daglege strevet til dei tilsette og folkevalde. Gjennom døme frå den kommunale kvardagen får du rettleiing i dei mest vanlege problema i nynorsk offentleg målbruk. Kursforfattaren tek for seg dei typiske feila i offentlege nynorskskriv. I tillegg kan du læra om – kvifor nynorsk er eit godt språkverktøy i kommunane – å skriva brev formelt rett og forståeleg – nynorsk ordval og ordlegging – ulike teksttypar i det offentlege, som notat, referat, anbod, stillingslysingar osv. – å skriva for nettet – den gode saksutgreiinga og den dugande saksbehandlaren Du finn og ei samling med oppgåver og ei ordliste med ord og uttrykk som ein ofte lurer på. Kursheftet kan brukast som eit eige hjelpemiddel på alle kommunale og fylkeskommunale kontor. Det blir og bruka på skreddarsydde kurs som Landssamanslutninga av nynorskkommunar formidlar. Kursforfattar Jan Olav Fretland er fyrsteamanuensis ved Høgskulen i Sogn og Fjordane og har lang røynsle som kurshaldar og lærebokforfattar. Han har mellom anna bakgrunn som etatsjef i Lærdal kommune og rektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Fretland har og vore leiar i Språkrådet. Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) er ein organisasjon for kommunar, fylkeskommunar og interkommunale tiltak som har til formål å fremja nynorsk språk og kultur i offentleg verksemd. LNK har meir enn 100 medlemmer.
Forlag Fagbokforlaget
Utgivelsesår 2006
Format Heftet
ISBN13 9788245004311
EAN 9788245004311
Språk Nynorsk
Sider 143
Utgave 2
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket