Outdó

av (forfatter) og Francisco Oiticica Filho (illustratør).

Imprensa Oficial Graciliano Ramos 2012 Heftet

Gjennomsnittlig terningkast: 3.00 (1 terningkast.)

1 bokelsker følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos ark.no

Bokdetaljer

Forlag Imprensa Oficial Graciliano Ramos

Utgivelsesår 2012

Format Heftet

ISBN13 9788562030222

Språk Portugisisk

Sider 117

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokelskeres terningkastfordeling

0 0 0 1 0 0

Bokomtaler

Eg er ingen diktkjennar, men tenkte likevel at eg skulle prøve meg på ei brasiliansk samling. Denne boka fann eg medan eg leita etter samtidslitteratur frå delstaten Alagoas. Sidan språket i samlinga såg ut til å vere overkomeleg, så gav eg den ein sjanse.

Dei fleste av dikta er korte og enkle. Mange av dei sklir nesten over i det banale. Innimellom så er der også referanser til stadar, personar eller fenomen som eg ikkje har noko forhold til, så for ein liten handfull av dikta gjekk eg nok glipp av poenget. Men stort sett var det triveleg lesing. Nokre få av dei kvalifiserer som gullkorn.

Eg likar best dikt som har rim og rytme, noko som var til stades i knapt halvparten av dikta. Mange av dei inneheldt også ein del leik med ord, enten ved å spele på dobbelttydingar av orda eller ved å ramse opp ord med fonetiske likskapar. Eit par av dikta var også dedikert til den 1 år gamle dattera til forfattaren, desse var veldig søte.

Så vidt eg kan bedømme er ikkje dette stor lyrikk, men heilt greit til moro og til ettertanke. Og glimrande øving i portugisisk for ein lesar som meg.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Ljos

Ordet ljos
lyser ikkje opp ein kveld
lyser ikkje opp eit rom
ikkje ei bokside heller.
Det er berre ein mørk
og ordna flekk.


(Originaltekst)

LUZ

A palavra luz
não ilumina uma tarde
não ilumina uma sala
nem uma página.
É só uma mancha
escura e ordenada.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Måsar

Papirkrullane på golvet
ved bordet der eg skriv
er kvilande måsar
som flaug feil


(Originaltekst)

GAIVOTAS

As bolinhas de papel no chão
ao pé da mesa onde escrevo
são gaivotas pousadas
que erraram o voo.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Lister som inneholder dette verket

Brasilianske bøker eg har lest på originalspråket. Eg har prøvd å rangere etter kor flittig eg måtte bruke ordliste under lesinga, eller kor enkelt/vanskeleg eg ellers synest språket i boka var. Lettaste bøker øverst, vanskelegast til slutt.

Tanken bak lista er, i tillegg til at det er ein referanse for min eigen del, at dersom nokon andre skulle få lyst til å lese nokon av desse bøkene så kan ein på førehand danne seg ein ide om kor krevjande eller lett det kan vere språkmessig.

Eg har lagt ut teningkast som kommentar til bøkene i lista. Ved å klikke på den enkelte boka finn ein også bokomtaler for dei fleste av dei (det gjeng fram av kommentarane i lista kva for bøker som ikkje har omtale).


Godt sagt! (3) Varsle Svar