Omtale fra forlaget
Forlag Aschehoug
Utgivelsesår 2023
Format Heftet
ISBN13 9788203395864
EAN 9788203395864
Språk Nynorsk
Sider 89
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketDET MOTSETTE
Eg prøvde å tenkja på
kva som er det motsette
av bomber
og enda opp
med å tenkja på korn.
Korn som veks så stille
og som kan vaia
så vakkert i vinden
og som kan
gi oss brød.
TYDELEG
Den gylne alleen tek imot meg. Lauvet skin.
Endene pløyer elvevatnet med ungane sine.
den smale bekken fangar òg litt av himmellyset.
Framleis er livskrafta tydeleg overalt.
Det er over fire månadar sidan eg var her ute sist.
Jordfargane ved elveosen rører ved hjarta mitt.
Skyene så kvite mot det blå over stiane.
Sanddynene sine kurver er mjuke i den kalde lufta.
Mektige tre er budde på vinterstormar.
KVIFOR
Eg har ein stein
der ordet
Kvifor?
er gravert inn.
Den er litt flat
litt rund
og god å halda.
Av og til snur
eg den
slik at ordet
Kvifor?
vender ned
mot jorda.
Men i dag
tok eg den
vog den
i handa
og kasta den
med all kraft
i veggen.
Kvifor?
Difor.
REGLE
Ein, to og store tre.
Alvar ved elva og ei fe.
Ein, to og store tre.
Mosemjuk og jorda fred.
Mumlar mold, nynnar straum.
Røynd er røynd. Draum er draum.
Ein, to og store tre.
Alvar ved elva og ei fe.
Ein, to og store tre.
HIT
Så kom eg fram
til den viktigaste dagen
av alle
Kvardagen
3 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket