O ouro do coronel

av (forfatter).

Imprensa Oficial Graciliano Ramos 2012 Heftet

Gjennomsnittlig terningkast: 4.00 (1 terningkast.)

1 bokelsker følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos ark.no

Bokdetaljer

Forlag Imprensa Oficial Graciliano Ramos

Utgivelsesår 2012

Format Heftet

Språk Portugisisk

Sider 262

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokelskeres terningkastfordeling

0 0 1 0 0 0

Bokomtaler

Røvarhistorie frå det karrige innlandet i nordaust-Brasil. Året er 1915, det er stortørke, og folk lir. Den mektige landeigaren Santino Virtuoso styrer småbyen Pau Oco og omgjevnadane med jernhard hand. Men ettersom nauden aukar og tyranniet til landeigaren eskalerer byrjar enkelte å legge planar for å ta han av dage. Santino er i pengenaud, og tek livet at ein omreisande storgamblar og stel pengeskrinet hans, som mellom anna inneheld ei samling av gamle gullmyntar. Det blir kjent at landeigaren har ein gullskatt, og i tillegg til dei som alt hadde planar om å ta livet av landeigaren er det no enno fleire som legg planar for å få tak i gullskatten.

Forteljinga balanserer mellom å vere humoristisk og underhaldande på den eine sida, og opplysande om tilhøva i denne delen av landet for 100 år sidan på den andre sida. Det er velkjent at landeigarar i denne delen av landet kunne vere særskilt brutale og hjarterå. Forfattaren har gjort seg flid med å gi karakterane ei språkføring som er karakteristisk for regionen og for tidsepoka. Eg har undervegs i lesinga underholdt mine brasilianske familiemedlemmer med drypp av «gamaldags bondespråk», og får stadfesta at folk snakka slik før i tida. Artig.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Han bar enno på håpet om at Maneco og Germana skulle gi han dattersonen han ynskte seg så høgt. Men tru berre! Ikkje drøym om det ein gang. To inkompetente idiotar. Det einsate som vaks i magen på Germana var spekklaget.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

"Det vi ynskjer oss aller mest no, broren min og eg, er å få hevne oss på dei elendige soldatane som øydela livet vårt, herr Juca Brabo"
"Kall meg berre Juca Brabo, vi er då omlag på same alder."
"Javisst, min herre."

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Lister som inneholder dette verket

Brasilianske bøker eg har lest på originalspråket. Eg har prøvd å rangere etter kor flittig eg måtte bruke ordliste under lesinga, eller kor enkelt/vanskeleg eg ellers synest språket i boka var. Lettaste bøker øverst, vanskelegast til slutt.

Tanken bak lista er, i tillegg til at det er ein referanse for min eigen del, at dersom nokon andre skulle få lyst til å lese nokon av desse bøkene så kan ein på førehand danne seg ein ide om kor krevjande eller lett det kan vere språkmessig.

Eg har lagt ut teningkast som kommentar til bøkene i lista. Ved å klikke på den enkelte boka finn ein også bokomtaler for dei fleste av dei (det gjeng fram av kommentarane i lista kva for bøker som ikkje har omtale).


Godt sagt! (3) Varsle Svar

Nei, det er ikkje ei liste der ein rockemusikk-genre er fellesnevnaren. Det er i staden ei liste over bøker der eit metall er med i tittelen. Enkelte av bøkene har eg lest, andre kan eg tenke meg å lese.


Godt sagt! (0) Varsle Svar