Omtale fra forlaget
Dei kjempa og slost, drap og blei drepne. For sjørøvarane var livet blodig alvor. På utsida av samfunnet, som lovlause sjømenn, har dei i tusenvis av år gjort havet farleg folk som siglar rundt med varer. Somme kom frå Noreg. Andre høyrde heime i andre land, men kom til havområda utanfor Noreg for å røva. For dei som blei tatt, venta som regel ein dødsdom. Historia om dei verkelege sjørøvarane handlar om sjømenn som kom frå fattigdom, men drøymde om rikdom. Men det er òg historia om korleis ulike kongar og dronningar har brukt alle tenkelege verkemiddel for å kjempa til seg makt. Som i dei fire førre sakprosabøkene for unge (Den norske slavehandelen, Nattmannen, Lepra og Pest og plage) tar Totland også her for seg internasjonale fenomen med eit norsk perspektiv. Bøkene har til felles at dei handlar om ukjende, mørke sider ved norsk historie. Dette er spennande og lett tilgjengelege bøker for barn og unge som liker korte historier om det som verkeleg har hendt.
Forlag Gyldendal
Utgivelsesår 2022
Format Innbundet
ISBN13 9788205561120
EAN 9788205561120
Språk Nynorsk
Sider 66
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket