Omtale fra forlaget
Nidaros er ein roman om kjærleik, arkitektur og kunst. Den er også ei utforsking av minnet, og av korleis minne og gløymsle konstant påverkar måten vi lever på. Gjennom eit flettverk av historier følgjer vi ei kvinne og to menn, som alle blir innhenta av fortida. Deira vegar har kryssa kvarandre tidlegare, og no skal dei møtast på nytt i Trondheim, der Nidarosdomen skal spela ei sentral rolle. Stein Versto fekk Tarjei Vesaas? debutantpris for novellesamlinga Ho blei borte i trappene. Han har også skrive to diktsamlingar. Nidaros er Verstos første roman, og her får vi igjen oppleve hans meisterlege blikk for detaljar, hans store poetiske sensibilitet og ein ambisjon om å kartleggje dei store samanhengane mellom dei små liva.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2013
Format E-bok
ISBN13 9788252184037
EAN 9788252184037
Språk Nynorsk
Sider 372
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketSå les ho; blikket glid bortetter linjene og hoppar stegvis nedover, som ein pensel som vekslar mellom korte, glidande strøk og raske hopp, som om boka var eit måleri og lesinga ein baklengs prosess der bileta vender tilbake til kunstnarens sinn -
6 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket