Omtale fra forlaget
Meininga med livet. Eller: Yes Sir, I can boogie er Are Kalvøs ærlege forsøk på å forstå vår tid: Kven vi er, kva som styrer liva våre, kva som er vitsen med heile greia. Ja, sjølve meininga med livet. Og kvar leitar ein for å finne meininga med livet? I popmusikken, sjølvsagt.
Are Kalvø les lydboka sjølv. Her er også lydklipp frå desse hitlåtane:
Sugar Sugar - The Archies
Schnappi, das kleine krokodil - Joy Gruttmann
Boby Brown Goes Down - Frank Zappa
... Baby One More Time - Britney Spears
Respekt for Grandiosa - Stabburet
Heaven Is a Place on Earth - Belinda Carlisle
Love Is All Around - Wet Wet Wet
Euphoria - Loreen
Pinne for landet - Freddy Kalas
Wind Of Change - Scorpions
Yes Sir, I Can Boogie - Baccara
Forlag Kagge
Utgivelsesår 2021
Format Lydfil
ISBN13 9788248928942
EAN 9788248928942
Genre Humor
Omtalt person Are Kalvø
Språk Nynorsk
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Vittig og artig om popmusikkens historie i Norge, sett gjennom Kalvøs barndom og oppvekst. En hyllest til radioen, kassettene og ungdommens hunger etter ny musikk!
Denne virkelig storkoste jeg meg med! Det er sjelden jeg ler godt når jeg går eller jogger på tredemølla, men med denne på ørene så satt latteren løst!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketNår du høyrer ein veldig populær song frå ei bestemt tid, då blir du mint på noko om den tida, ofte før du rekk å tenke deg om. Ofte kan minnet overraske deg sjølv også. Musikken kan gjere slikt med oss. Og på ein god dag kan det hende slike plutselige songminne kan sette i gang tankar om kven du var då, kven du er no, kva som har skjedd, kva du har lært.
Ikkje like musikk? Punktum? Verkelig? Musikk er trass alt både Mozart og barnesongar og Richard Clayderman og gregoriansk song og Metallica og kor og Dua Lipa og didgeridoo og korps og støyrock og kalypso og visesong og EDM og Eurovision og – viss ein verkelig vil strekke begrepet – indie.
Du liker ikkje musikk?
Er ikkje det litt som å seie at du ikkje liker lyd, uavhengig av om det er lyden av fuglesong, bølgjer eller bomber?
Eller vêr. Eg liker ikkje vêr. Det er ei like meiningsfull setning. Hagl, dis, snø, varme, kulde, mild bris, underkjølt regn, strålande sol frå skyfri himmel? Nix. Nei. Liker det ikkje. Ikkje noko av det.