Omtale fra forlaget
I den nye diktsamlinga si tar Paal-Helge Haugen utgangspunkt i verket til den franske 1600-tallsmålaren Georges de La Tour, slik vi i dag kjenner det. La Tour var bortgløymt og ukjend i nesten 300 år, og først i tida etter andre verdenskrig har kunsthistorikarer og publikum forstått styrken og originaliteten i La Tours målarstykke.
Paal-Helge Haugens dikt vil ikkje tolke eller beskrive La Tours verk - dei er variasjonar over eit felles tematisk grunnlag; dei er, for å nytte forfattarens formulering i etterordet, "meditasjonar over verket hans, den lada stilla, sorga og jubelen i ekteskapet mellom lys og mørker". I desse dikta blir fortid, nåtid og framtid knytta saman i eit språk som er meir musikalsk, men også meir nake og kompromisslaust enn i nokon andre av Haugens bøker.
Forlag Cappelen
Utgivelsesår 1990
Format Innbundet
ISBN13 9788202128609
EAN 9788202128609
Språk Nynorsk
Sider 64
Utgave 1
Tildelt litteraturpris Kritikerprisen. Voksen 1990
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket