Omtale fra forlaget
I serien "Lese, skrive" inviterer Forlaget Oktober utvalde forfattarar til å skriva om lesing og skriving. Enkelte tekstar kan vera omsette eller utgitte i andre samanhengar. Felles for alle tekstane i serien er at dei seier noko vesentleg og særeige om det å skriva, det å lesa. Dei to første bøkene i denne serien er Ingrid Z. Aanestad: "Kva hender i romanen?" og Terje Holtet Larsen: "Hjemløsheten".
I "Kva hender i romanen?" oppsøker Ingrid Z. Aanestad ulike skrivestader som ein måte å reflektera over eigen og andre sin litteratur på. Aanestad skriv om tilbliinga av eigne romanar, om Cora Sandels "Alberte og friheten" og Sei Sh.nagons "Puteboka", om å samla ord og bilete i ei laus mappe, om venting, tid og forteljing, og om den uavbrotne jakta på eit no.
Forlag Lydbokforlaget
Utgivelsesår 2019
Format Lydfil
ISBN13 9788242180339
EAN 9788242180339
Serie Lese, skrive (1)
Omtalt person Ingrid Z. Aanestad
Språk Nynorsk
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket«Kvifor skriv du? Kvifor blei du forfattar? Kva handler bøkene dine om? Det hender eg blir overrumpla og svarer noko, men spørsmåla fortonar seg fjerne. Eg skriv for å skriva. Det liknar ikkje noko anna. Å skriva er ikkje som å reisa, å tenka, å drøyma, å få eit barn. Det er ikkje symja, å skrika, å synga. Eg skriv ikkje for å overkoma mi eiga stillheit eller fortviling eller nostalgi. Spørsmålet korleis er større. For meg har det dei andre spørsmåla i seg, kva og kvifor. Det veks heile tida. Korleis fortelja, korleis skriva?»
18 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket