Omtale fra forlaget
Gertrude Stein var ein av dei store fornyarane av litteraturen på 1900-tallet. Ho var uredd, snakkesalig, rik, arrogant, lesbisk, kunstkjennar, matglad. Ho er særleg kjend for sitatet «A rose is a rose is a rose is a rose», og for å ha sett merkelappen «the lost generation» på generasjonen som fekk liva sine prega av å ha vore unge under første verdskrigen.
Stein har hatt ry på seg for å vere vanskeleg. Men tekstane som her er omsette, har alle vore halde som foredrag. Dei har difor ein munnleg flyt i seg, som gjer dei enklare enn til dømes mange av dikta hennar. I Kva er engelsk litteratur og andre foredrag finn ein Steins slåande fabuleringar om alt frå kva eit meisterverk er og kvifor den engelske litteraturhistoria kan forklarast med at dei budde på ei øy og eigde alt omkring seg, til kvifor spørsmålsteiknet ikkje eignar seg til anna enn brennmerking av kyr. Det er berre å gi seg over, til rytmen, humoren, elegansen og brodden, og nyte «kor fullstendig det som er skrive seier det det gjer.
Forlag Vidarforlaget
Utgivelsesår 2017
Format Innbundet
ISBN13 9788279903765
EAN 9788279903765
Språk Nynorsk
Sider 126
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Utan tvil ei sermerkt bok. Ho er tung å lesa, og trass i tittelen noka fagbok er det heller ikkje. Poenget i tittelforedraget hennar kan ein lett oppsummera: Britisk litteratur på 1600- til 1800-talet vart djupt påverka av politiske omstende i samtida. Men som omsetjaren Grethe Fatima Syéd peikar ut, Gertrude Steins idé med foredraga sine var å gjere dei så munnlege i forma som mogeleg. Dei skal helst lesast høgt. Som mange pedagogar repeterer ho poenga sine med variasjonar fleire gonger. Kvart avsnitt kan lesast som eit prosadikt.
Omsetjaren greier ut om problema med å kle foredraga om i ei norsk språkdrakt på ei framifrå måte, både i innleiinga og gjennom fotnotar. Ein bragd!
Mykje av den gjentakande stilen i denne boka finn vi att i nyare litteratur. Ernst Hemingway vart visstnok inspirert av Gertrude Stein, men eg ser òg likskap med vår eigen Jon Fosse. Portrettet nedanfor er måla av Picasso.
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketDet er skrekkeleg viktig å vite kva du har og ikkje har noko med. Eg veit at eit av dei djupast spanande augneblinkane i livet mitt var då eg rundt seksten plutseleg kom til at eg ikkje ville gjere all kunnskap til mitt område.
Eit spørsmål er eit spørsmål, kven som helst kan vite at eit spørsmål er eit spørsmål og dermed kvifor legge spørjeteiknet til det når det allereie er det i det som står skrive. ......
viss du ikkje forstår at eit spørsmål er eit spørsmål kva er då vitsen med at det er eit spørsmål.
Picasso sa ein gong Eg bryr meg ikkje kven der er som har påverka eller påverkar meg så lenge det ikkje er meg sjølv
2 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket