Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Språklege eksperiment på engelsk som prosadikt på norsk

Utan tvil ei sermerkt bok. Ho er tung å lesa, og trass i tittelen noka fagbok er det heller ikkje. Poenget i tittelforedraget hennar kan ein lett oppsummera: Britisk litteratur på 1600- til 1800-talet vart djupt påverka av politiske omstende i samtida. Men som omsetjaren Grethe Fatima Syéd peikar ut, Gertrude Steins idé med foredraga sine var å gjere dei så munnlege i forma som mogeleg. Dei skal helst lesast høgt. Som mange pedagogar repeterer ho poenga sine med variasjonar fleire gonger. Kvart avsnitt kan lesast som eit prosadikt.
Omsetjaren greier ut om problema med å kle foredraga om i ei norsk språkdrakt på ei framifrå måte, både i innleiinga og gjennom fotnotar. Ein bragd!
Mykje av den gjentakande stilen i denne boka finn vi att i nyare litteratur. Ernst Hemingway vart visstnok inspirert av Gertrude Stein, men eg ser òg likskap med vår eigen Jon Fosse. Portrettet nedanfor er måla av Picasso.

Biletet er eit måleri av Pablo Picasso.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

LailaTine SundalTatiana WesserlingTove Obrestad WøienTor-Arne JensenMalinn HjortlandJoakimIngridLabbelineBenteTheaElisabeth SveeDinaAkima MontgomeryMads Leonard HolvikIngunn SSigrid Blytt TøsdalMarianne  SkageRandiKirsten LundTrude JensenGitte FurusethTone SundlandJon Torger Hetland SalteAlice NordliIngvild SMonica CarlsenChristoffer SmedaasRoger MartinsenBjørg Marit TinholtkntschjrldHanne Kvernmo RyeLene AndresenLeseaaseSissel ElisabethTurid KjendliemgeelmeKjerstiFindus