Omtale fra forlaget
Første del av tobindsverk om den tyske
okkupasjonen og krigsoppgjeret i Noreg.
Det er våren 1940. Gabriel Bratt ventar på bussen heim til familiegardenda tyske bombefly blir synlege mot himmelen. Verdskrigen kjem dundrande som ei øydeleggjande kraft over Innerdalen, og snart held ein tropp tyske soldatar og NS-folk i sentrale posisjonar befolkninga i eit kontrollerande grep. Søskena Gabriel, Gunnar og Margot skal bli varig merkte av okkupasjonen på kvar sitt vis når tilsynelatande små og ubetydelege handlingar får dramatiske konsekvensar for dei og menneska rundt dei. For korleis skal ein handle når det å hjelpe ein ven kan sende deg til fangebrakkene i Sachsenhausen? Når det å oppsøkje ein barndomskamerat kan føre deg rett i hendene på Gestapo? Eller når feil svar kan utsetja deg for den verste pine?
Romanen Krig lèt oss kjenne den tyske okkupasjonen på kroppen. Det som ser ut som kvardag, er eigentleg ein framand tilstand der propaganda vanskeleg kan skiljast frå faktiske nyheiter, der det etter kvart blir umogleg å vita kven ein kan stole på, og der ein må vega sine eigne ord sjølv på kjøkkenet over familiemiddagen saman med sine næraste.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2023
Format E-bok
ISBN13 9788252196108
EAN 9788252196108
Genre Historisk litteratur
Omtalt tid 1939-1945
Språk Nynorsk
Sider 394
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket7 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket