Omtale fra forlaget
Lektor Eirik Fjeld er nyleg blitt pensjonist. Ein dag han er ute og går sin sedvanelege morgontur, kjem ei kvinne springande etter han og roper: - Eg har hatt deg som lærar! I norsk! Han vender seg noko forvirra, kjenner ikke kvinna att. Dette er opptakten til ein venskap noko utanom det vanlege.
Ein roman om kontakt over alders år, om truskap, om utruskap, om skam, om løyndom, om mental helse, om å møte sin gryande alderdom, om åndeleg lengt, om å gå med ein himmel over sitt liv.
Forlag Snøfugl
Utgivelsesår 2017
Format Innbundet
ISBN13 9788270835294
EAN 9788270835294
Språk Nynorsk
Sider 141
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketVegen heim går han nattemørkret åleine. Han kom seg ikkje til å spørje om dei skulle gå ilag. Kvan ønskjer vel å vera innpåsliten? Kven ønskjer vel å bli avvist? Lukkelegast er den som går åleine.
Det kjem ein tanke som ikkje gjev han fred: Han kjem på at han vil leggje ein blome på grava til Jonas. På bussen kjem det på ein skokk med ungar, seks, sju år gamle. To småjenter set seg vis a vis han.
-Å så fin blome! Seier den eine! Får eg lukte?
Båe får sjølvsagt lukte.
-Å, så god lukt, seier ho som pratar.
-Eg heiter Louisa, ho heiter Sara. Kva heiter ho som skal få rosa?
- Det er ein mann.
- Kva heiter han?
-Jonas.
- Då blir han glad.
- ja, eg håpar det.
Slik kan eit lite menneske bli eit lyspunkt i kvardagen, og han fortel jenta då han reiser seg for å gå av at ho har gjort han glad.