Forlag Fonna
Format Unknown Binding
ISBN13 9788251300179
Sider 433
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket[...]
Ikkje noko frø kjenner storleiken sin
før det har lydd kallet frå ljoset,
vakse opp or jordi og opna blomen sin for himmelen.
(Fra Menneskeviljen av Gunnar Dal)
Eg er det urørde instrumentet,
som ligg ved føtene dine
i graset mellom blomane
som græt dogg på strengene mine
når soli renn,
bøyer kronene sine over meg
når det kveldar.
Her ventar eg ved døri di
så du kan finna meg.
Eg ventar på at du fyrst av alle
skal røra meg.
Den tonen som vert liv av fingrane dine
vil sidan klinge og leva i all æve.
I vengehavet til småfuglen vil han syngja,
i havbylgja vil han le,
langt, langt borte frå heimstaden vår,
der ingen anar
at det er på grunn av dég.
(Det urørde instrumentet - Jón Ûr Vör)
Eg såg ein gamal trøytt mann
sitja ved havet
og lyda til songen
frå fiskarane på veg til bankane.
I augo hans var lengt
etter den vide synsrandi
til den som ror aleine på havet.
Han sat der og tårene hans
var bøner til gud
om å taka han over det store havet,
der han kunne kasta alderdomen
og atter dra ut på bankane.
(Lengt - Þórunn Magnea Magnúsdóttir)
Vi bar ikkje kjærleiken vår på torg
men han var underleg
og vakker
og djup
Vi nemde ikkje kjærleiken vår
men han var verkeleg
utanom målarens fargeområde
utanom folks tale
Men ein morgen
var vi ikkje meir.
Berre fargar
og ord.
(Eit lite dikt - Vilmundur Gylfason)
I den evige straumsusen frå elvi
høyrer eg vatnet kviskra
avgrunnsdjupe ord
ein sylvblå flaum syng
med svalande røyst
[...]
(Fra Ved elvi - Ögmundur Helgason)
2 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verketAntologiar i samlinga mi med islandsk litteratur